Invitasjon til å komme med innspel på transportområdet

Samferdselsdepartementet har bedt Møre og Romsdal fylkeskommune om å komme med innspel om prioriteringer på transportområdet for Nasjonal transportplan 2022-2033.

 

Skriv ut

Fylkeskommunen ber alle kommunar i fylket om innspel til prioriteringer, med frist 28.2.20. Kommunane er oppmoda om å koordinere innspela.

Brevet kan bli sett nedanfor, saman med brevet frå samferdselsdepartementet.

 Lag og organisasjonar som vil gje innspel til arbeidet kan gjere det innan 28.2, til post@mrfylke.no.

Merk svara med: sak 18/4536, innspel til NTP 2022-2033, namn på avsendar.