John Fredrik Sæther Nelvik og Kristin Hollingsæter Lystad er Årets lærling i Møre og Romsdal
Konkurransen mellom dei to beste kandidatane var så jamn at juryen bestemte at dei like godt kunne kåre begge til Årets lærlingar.
I alt kom det inn 17 nominasjonar til kåringa som Møre og Romsdal fylkeskommune står bak.
John Fredrik Sæther Nelvik frå Smøla og Kristin Hollingsæter Lystad frå Ålesund trekte det lengste strået:
- Begge to er verdige vinnarar av prisen Årets lærling 2020. Ut frå vurderingskriteria og vurderingsgrunnlaget var det rett og slett umogeleg å skilje dei to kandidatane som kom høgast, seier leiar for juryen, Åse Vatne Riksfjord.
Flid med bunad
Kristin Hollingsæter Lystad har vore lærling i bunadtilvirkarfaget ved lærebedrifta E design på Valderøya. Ho vart kåra til Årets lærling 2020 fordi ho leverte eit svært solid arbeid og har svært god fagleg kunnskap
- Bunadstilvirkarfaget er eit “spissa” fag som få kjenner, og det å lage heile bunadar er eit omfattande og krevjande arbeid. Kandidaten skal ha god innsikt og kunnskap om tradisjon og kultur og produsere handverket med flid. Kristin viste godt handlag og nøyaktigheit utanom det vanlege under prøven som gjekk over 60 timar, seier juryen.
God selgar
John Fredrik Sæther Nelvik har vore lærling i salsfaget ved lærebedrifta Smølamat AS.
I følge Prøvenemnda kunne John Fredrik faget sitt svært godt og gjennomførte den praktiske prøven på ein særs overtydande måte.
- John Fredrik viste at han var reflektert og hadde stor kunnskap innan alle felt i salsfaget. Han viste stor evne til service og strekte seg langt for at kunden skulle bli nøgd, uttalar juryen.
I 2019 var det avlagt 1686 fag-/sveineprøver. 34 % av kandidatane fekk karakteren Bestått meget godt, og av desse vart 17 nominert til Årets lærling 2019.
Det er prøvenemnder, lærebedrifter og opplæringskontor som melder inn forslag til Årets lærling. Grunna koronarestriksjonane blir diplom og pris delt ut på arbeidsplassen der vinnarane var lærlingar i 2020, hos Smølamat AS på Hopen og hos E-Design på Valederøya, i mars.