JoinUs fekk tildelt inkludering- og mangfaldsprisen
JoinUs har halde på i berre to år, men ser allereie at det er stort behov for arbeidet dei gjer. Måndag fekk dei tildelt inkludering- og mangfaldsprisen 2022.
Prisen blei delt ut under opninga av fylkestinget i Ålesund. Prisen går til nokon som har tatt initiativ til, eller har gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv i Møre og Romsdal for enkeltpersonar eller grupper, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.
Stor aktør for integrering
- Join Us er ein organisasjon som bidreg til akkurat dette. På imponerande kort tid har dei blitt ein stor aktør for integrering i Romsdalsregionen, og gir både aktivitet, samhald og meiningsfulle kvardagar for sine deltakarar, sa leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter. Saman med fylkesordførar Line Hatmosø Hoem delte ho ut prisen.
Frå JoinUs møtte Knut Olav Rindarøy, Marcus Andreasson og Fatih. I takketalen sa Rindarøy:
Behov for sosial møteplass
- Tusen takk for prisen. Det betyr utruleg mykje for oss. Vi har halde på i berre to år, og vi ser betydninga av arbeidet, og den er stor. I eit samfunn med prestasjon og press, spesielt i idrett, sosiale media og delvis skole, har vi sett eit behov for å skape ein sosial møteplass der alle kan vere seg sjølve uansett nivå og bakgrunn, sa Rindarøy. Han la til: - Det er og kjempeviktig å sjå menneske for det dei er, og bry seg. Det trur vi er veldig undervurdert.
JoinUs vart starta i 2021 av tidlegare fotballspelarar Knut Olav Rindarøy og Marcus Andreasson, og frikøyrar på ski Asbjørn Eggebø Næss. Organisasjonen har lågterskelaktivitet for unge i Molde, Aukra, Vestnes, Hustadvika og Aukra. Aktiviteten er variert, både med fysiske og kreative aktivitetar, og alt er gratis.
Inkludering- og mangfaldsprisen vart delt ut for første gong i 2021, og prisen erstattar Likestillingsprisen. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket. Tidlegare prisvinnarar er Ekornes for 2021 og Håvard Johnsen for året 2020.