Kampen for betre ferjefinansiering fortset

KS tek underfinansieringa av ferjedrifta på alvor, og fredag vedtok landsstyret i KS fleire fråsegner. Mellom anna til statsbudsjettet og kommunane og fylkeskommunane sine roller i miljø- og klimaarbeidet.

Skriv ut

Landsstyret beskriv mellom anna at ferjefylka har store meirkostnadar knytt til miljøferjer som ikkje er kompensert, og krev at staten dekker desse kostnadene. 

Hovudstyremedlem Gunn Berit Gjerde (V), landsstyremedlemane Anders Riise (H) og Tove-Lise Torve (Ap) er glade for at KS anerkjenner ferjefylka sine store ekstrakostnader knytt til ferjedrifta og overgangen til miljøferjer.

Fråsegnene blir no sendt regjeringa og Stortinget og følgd opp av KS med styreleiar Gunn Marit Helgesen (H) i spissen. 

Du kan lese fråsegnene på KS sine nettsider:

https://www.ks.no/uttalelser-fra-landsstyret/landsstyret-om-behov-for-offensive-klima--og-miljotiltak/

https://www.ks.no/uttalelser-fra-landsstyret/landsstyrets-uttalelse-om-statsbudsjettet-2020/