Karin Augusta Nogva får fylkeskulturprisen 2019

Kultur-, næring-, og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har tildelt fylkeskulturprisen 2019 til visuell biletkunstnar Karin Augusta Nogva!

Skriv ut

- Karin Augusta Nogva sitt engasjement for kunstnarar i fylket og for kunstformidling til barn og unge, og i samfunnet generelt gjer henne til ein verdig vinnar av fylkeskulturprisen 2019, seier leiar i kultur-, næring,- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Karin Augusta Nogva (f. 1976) jobbar og bur i Ålesund, og er visuell biletkunstnar. Ho flytta til Ålesund då ho var ferdig med kustutdanninga si i 2006.

Ho har mellom anna vore leiar av Biletkunstnarar i Møre og Romsdal, og har arbeidd for betre fordeling av nasjonale kunststipend, til ho gjekk av som styreleiar i 2018. Ho er i dag styreleiar i norske grafikarar. Ho har turnert mykje i fylket gjennom Den kulturelle skulesekken med produksjonane «Te-seremoni» og «Harlekins farfar».

Nogva har fleire utsmykkingar av offentlege bygg, mellom anna Høgskulen i Volda, Lade barne og ungdomsskole i Trondheim og Fjell skole og kulturhus, i Drammen. Ho er kjøpt inn av ulike aktørar i Møre og Romsdal, og av HKH Dronning Sonjas kunstsamling. Ho har ei lang rekke kollektiv- og separatutstillingar bak seg, og har fått kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Kriteria for prisen:

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar:

  • som høyrer heime i fylket
  • som har sterk tilknytting til fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen er på 50 000 kroner, og ein diplom. Prisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Kontakt