Karrieredagane og hospitering avlyst denne hausten

I staden vil fylkeskommunen tilby  alle 10. klassingar digitale løysningar og anna informasjon om kva utdanningstilbod og næringsliv som finst i fylket.

Skriv ut

Denne hausten har smitteverntiltaka sett ein stoppar for dei planlagde karrieredagane og hospiteringa for alle 10. klassingar i heile fylket. I staden vil dei få informasjon om alle utdanningstilboda og næringslivet i regionen på annan måte.

- Vi er svært lei oss for å måtte avlyse karrieredagane og hospiteringa. På tiande trinn skal alle elevar gjere det viktige valet om vidare skolegang, og det opplever mange som både som vanskeleg og spennande. Dette valet kan påverke kva yrke ein ender opp med som vaksen, og derfor er det viktig at dei får god informasjon om kva moglegheiter som finst, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Digitale karrieredagar

På Søre Sunnmøre blir karrieredagane eit digitalt arrangement der elevane får informasjon og dialog med ressurspersonar frå skole og næringsliv.

I resten av fylket vil elevar i ungdomsskolane og ressurssentra i kommunane få omfattande informasjonsmateriell.  Ressursane kan brukast i faget utdanningsval heile hausten.

Hospitering

I staden for hospitering på vidaregåande skole, vil elevane i haust få ein rikhaldig presentasjon av utdanningstilboda og dei vidaregåande skolane i sin region.  I tillegg får dei mykje praktisk informasjon om vidaregåande opplæring og overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole.  Ungdomsskolane kan bruke delar av denne presentasjonen i møte med føresette.

I løpet av hausten vil også rådgivarkoordinatorane i fylket besøke alle 10. klassane. Dei vil vere klare til å ta imot spørsmål frå elevane om utdannings- og karriereval.

Elevane vil få jobbe med oppgåver i eit digitalt arbeidshefte, i samband med førebuing og etterarbeid etter karrieredagane og hospiteringa.

I tida fram mot jul vil lærarar og rådgivarar også få grundig presentasjon av kvart utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Karrieredagane og hospitering blir arrangert kvart år.

Målet med karrieredagane er at elevane skal få gjere seg kjent med lokalt og regionalt næringsliv og kva utdanningstilbod som finst. Dette skal hjelpe elevane å peike seg ut nokre utdanningsvegar dei vil bli nærare kjent med.

Gjennom hospitering i vidaregåande opplæring har kvar elev fått tilbod om å hospitere på to utdanningsprogram, ein skoledag på kvart program. 

Kontakt