Kjenner du nokon du vil fremme som kandidat til Fylkeskulturprisen for 2019?

Fylkeskulturprisen er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen kulturpris. Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet og vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Skriv ut

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar

  • som høyrer heime i fylket
  • eller som har sterk tilknyting til fylket
  • som viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • som har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping

Prisen er på 50 000 kroner og eit diplom. Alle kan kome med forslag på kandidatar. Eigne retningsliner for Fylkeskulturprisen finn du i margen til høgre på sida.

Du må sende inn forslaget ditt med grunngiving, via skjemaet under. 

Frist for å sende inn forslag er 15. oktober