Klar til skolestart?

Måndag 22. august er første skoledag for elevar i vidaregåande skole. Her finn du nyttig informasjon til skolestart.

Skriv ut

Når skal du møte opp første skoledag?

Informasjon om klokkeslett og kvar du skal møte opp første skoledag finn du på skolen si nettside.

Her er oversikt over dei vidaregåande skolane

Takk ja til plass i VIGO og møt opp første dag

Er du ikkje til stades når skolen startar opp, kan plassen din gå til ein elev fra ventelista. Er du sjuk, i karantene eller har ein annan viktig grunn til at du ikkje kan møte opp, må du gi beskjed til skolen – i så god tid som mogleg.

Er det framleis mogleg å kome inn der eg vil?

Har du ikkje fått plass på den skolen eller det utdanningsprogrammet du ønskar og står på venteliste, må du vente til du eventuelt får beskjed om at du får plass likevel.

PC til skolestart

Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring treng ein bærbar datamaskin som er god nok for skolebruk. Du kan kjøpe eigen PC eller du kan kjøpe elev-PC gjennom fylkeskommunen, gjennom PC-ordninga. Da får du ein bærbar datamaskin med 3 års garanti og uhellsforsikring, og du betalar eigendel éin gong i året, i tre år. Etter det er datamaskina di.

Les mer om elev-PC her. 

Installering, pålogging og tilgang til IT-system

Elevar får gratis tilgang til nødvendige programvarer på skolen (blant anna Microsoft 365). Her finn du mellom anna informasjon om bruk av nettet, lagring, digitale tenester og læremiddel, pålogging og lagring. I tillegg har skolane eigne rutinar du må vite om.

Les meir om nett og IT her. 

Visma InSchool

Visma InSchool (VIS) er vårt nye skoleadministrative system. Visma InSchool vil vere ein stor del av skolekvardagen din. Du vil sjå viktig informasjon som timeplan, klassen, kontakt- og faglærarar, fråvær, merknader og karakterar i VIS. Du kan også levere digitale søknader og gjennomføre fagvalg i VIS.

Elevar får meir informasjon om VIS ved skolestart.

Fråvær

Frå i år skal du melde fråvær i Visma InSchool. Er du sjuk før skolen startar, må du kontakte skolen direkte.

Skoleskyss

Som elev i vidaregåande skole kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. Søk om skoleskyss når du takkar ja til skoleplassen. Du må søke om skoleskyss kvart år.

Les meir om skoleskyss og korleis du søker.

Gratis lærebøker

Du får du låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringa. Bøkene blir utlevert ved skolestart og skal leverast inn igjen før skoleslutt. Du skal behandle bøkene pent, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt.

Her finn du reglement for lån av skolebøker.

Lån og stipend

Som elev i vidaregåande skole kan du søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.

Les meir om lån og stipend på Lånekassen.no

Skoleferiar og fridagar

Når er det haustferie og vinterferie – og påskeferie?

Sjå skoleruta for komande skoleår.

Rådgivarar og helsesjukepleiar på skolen

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skolekvardagen? Skolen har fleire typar rådgivarar som kan hjelpe deg. Meir informasjon finn du på skolen si nettside.

Orden og anna reglement

Har du spørsmål om ordensreglementet i vidaregåande skole?

Les om kva reglement som gjeld for deg som elev

Forsikringar

Du som elev er forsikra gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune sin forsikringsavtale med KLP. Forsikringa gjeld personskade, og gjeld også lærlingar og lærekandidatar.

Les meir om kva forsikringa dekker og korleis du brukar den

Snarvegar