Kommersielle aktørar tar over flybusstilbodet til og frå Ålesund Lufthamn Vigra

Yrkestransportforskrifta opnar no for at kommersielle aktørar kan drive flybuss til og frå Ålesund lufthamn Vigra. Som ein konsekvens av dette blir flybusstilbodet i regi av FRAM avvikla frå 01.01.2020.

Skriv ut

Det er tre selskap som har fått løyve til å køyre bussrute til og frå flyplassen:

  • Vy Buss AS
  • Sula Rutelag AS
  • Ålesund Turvogn Service AS

Desse selskapa startar opp drifta frå 01.01.2020 på strekningane Moa-Ålesund sentrum – flyplassen og Valderøy HB-kai-flyplassen. Når det gjelder ruter, eventuelle avviksmeldingar og prisar, viser vi til heimesidene til desse selskapa og til den nasjonale reiseplanleggaren på www.en-tur.no.

Rutetidene på hurtigbåten Hareid-Ålesund-Valderøya blir uendra. Båten ventar som tidlegare inntil fem minutt på buss/bussane på Valderøya hurtigbåtkai.

Dei kommersielle aktørane brukar ikkje same billettsystem som FRAM. Det vil dessverre ikkje vere mogleg å kjøpe billett som inkluderer både flybuss og ordinær buss frå FRAM.

I samband med endringa i flybusstilbodet frå 01.01.2020 endrar FRAM tur/retur-billettane til å gjelde til og med 31.12.2019. Passasjerar som allereie har kjøpt tur/retur-billett og ikkje får brukt denne før nyttår, må kontakte FRAM Kundesenter (fram@mrfylke.no, 71 28 01 00) for å få refundert retur-billetten.

Kontakt