Kommunar får 3 millionar kroner til å hjelpe nyetablerarar
Kommunane ved dei lokale Hopp-id-kontora skal bruke avklaringsmidlane til å hjelpe nyetablerarar til å få avklart om ein forretningsidé er liv laga. Men også til kva som trengst for å utvikle ideen til ei levedyktig bedrift.
Formålet med midlane er å hjelpe nyetablerarar til å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for å avklare vidare satsing.
Midlane vart tildelt under møtet i kultur-, næring- og folkehelseutvalet, og den totale summen var på tre millionar kroner.
Modellen for tildelinga er eit likt grunnbeløp til kvar kommune og at restbeløpet blir fordelt etter talet på innbyggarar.
Desse kommunane får støtte:
Kommune | Kroner |
---|---|
Ålesund | 343 052 |
Molde | 218 648 |
Kristiansund | 240 342 |
Hustadvika | 152 340 |
Ørsta | 143 645 |
Volda | 143 560 |
Sula | 139 089 |
Sykkylven | 182 042 |
Rauma | 130 132 |
Vestnes | 129 838 |
Sunndal | 129 824 |
Surnadal | 125 986 |
Hareid | 173 425 |
Stranda | 121 090 |
Aure | 117 253 |
Vanylven | 116 052 |
Tingvoll | 115 751 |
Fjord | 114 089 |
Sande | 163 844 |
SUM | 3 000 000 |
Kommunar som har over 200 000 kroner i hoppid.no-midlar ståande ubrukt, får ikkje ny tildeling i 2023. Dette gjeld kommunane Herøy, Ulstein, Giske, Averøy, Aukra, Gjemnes og Smøla.