Kommunar kan søke om støtte til tenesteutvikling med privat næringsliv
Målet er å finne smartare løysingar - og betre samarbeid mellom det offentlege og private.
Kommunane kan no søke om inntil 450.000 kr til utviklingsprosjekt med private bedrifter i ei ny tilskotsordning i Møre og Romsdal fylkeskommune. Den nye ordninga skal gi offentleg sektor betre løysingar enn det som er tilgjengeleg i dagens marknad.
- Bruk av ny teknologi og digitalisering bidrar til at befolkninga stiller nye forventningar til kommunane om korleis tenestene deira skal utformast. Kommunal sektor må arbeide smartare for å handtere framtidige oppgåver. Vi trur det er lurt å utvikle dei nye løysingane i samarbeid med privat næringsliv. Det gir betre tenester, og det skapar nye arbeidsplassar lokalt, seier rådgivar Anna-Marie Hatlestad i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I mange tilfelle kan oppstartsselskap vere dei som sit på ei innovative løysing på utfordringar som kommunane har, og eit mål for ordninga er å stimulere til samarbeid mellom kommunane og oppstartselskap, men dette er ikkje eit krav.
Lokale løysingar på berekraftsmåla
Alle kommunar i fylket har dei siste åra kartlagt status på berekraft og avdekt kvar utfordringane er størst. Tar dei utgangspunkt i berekraftkartlegginga og søker om støtte til prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar, vil dei dei bli prioritert ved tildeling av støtte.
- Gjennom støtteordninga ønsker vi å gi kommunane motivasjon til å ta tak i utfordringane som kartlegginga peika på. Det blir sagt at globale utfordringar må løysast lokalt. Fylkeskommunen ønsker å bidra til dette, seier Hatlestad.
For å få støtte til utviklingsprosjekt, må kommunane stille med eigeninnsats og sette av tid og ressursar. Kommunen må vere utviklingspartnar saman med leverandøren og legge ein plan for gjennomføringa.