Kompetansealliansen i Møre og Romsdal på dagsorden i Kunnskapsdepartementet

I slutten av oktober var Møre og Romsdal fylkeskommune invitert til regjeringas kompetansepolitiske råd for å orientere om kompetansealliansen.

Skriv ut

Kompetansealliansen består av folk frå arbeids- og næringslivet, NTNU, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Møre og Romsdal fylkeskommune. Formålet er å avstemme behov for kompetanse i arbeidslivet opp mot utdanningstilbodet.

Kompetansepolitisk råd utfordra oss på korleis fylkeskommunen kan vere god bestillar av etter- og vidareutdanning, seier rådgivar og prosjektleiar for kompetansealliansen, Øyvind Tveten. - Det er først og fremst arbeidslivet som skal bestille etter- og vidareutdanning. Fylkeskommunen som verksemd er sjølvsagt ein del av arbeidslivet, spesielt retta mot etter og vidareutdanning av lærarar. Vi påverkar også gjennom tilskot, strategiar, panverk og gjennom rolla som koplingsaktør, nærings- og arbeidsliv og utdanningsinstitusjonane på alle nivåseier Tveten. 

Lære heile livet 

-Utfordringa med å tilpasse utdanningstilbodet til behova i arbeidslivet er ikkje ei ny problemstilling, men med raske omstillingar blir det viktigare å lære heile livet, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.  

Landstad trekker fram fleire initiativ som er med å støtte opp under arbeidet med kompetansealliansen. Blant anna samarbeidet mellom Ulstein kommune og Høgskulen i Volda, arbeidet som skjer i klyngene og Høgskolen i Molde si revitalisering av Molde som IT-by. -Vi opplever at arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane tar dette på alvor, men det er fortsatt stort potensial for tettare samhandling og fleksibilitet i tilbod, seier Landstad..

Eksempel: Ulstein-modellen

Ulstein kommune er eit godt eksempel på korleis arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane kan samarbeide om etter- og vidareutdanning. Ulstein kommune har etablert Teknologiskulen Ulstein. Høgskulen i Volda vart kopla på, og saman har dei utvikla nye etterutdanningsmodular for lærarar. Modellen har fått namnet Ulstein-modellen for digital skuleutvikling. 

Snarvegar

Kontakt