Koronaviruset- stopp av reiser og innstramming av møte og arrangement
Møre og Romsdal fylkeskommune har sett krisestab og følger situasjonen tett. Fylkeskommunen har frå i dag, 11.mars, sett i verk ytterlegare tiltak for å hindre smitte og spreiing av viruset. Det vil kunne bli sett inn nye tiltak på kort varsel.
Tiltak som no er sett i verk:
Stopp for alle reiser
Sist veke vart det innført reisestopp for alle utanlandsreiser for elevar og tilsette. Dette betyr mellom anna at skoleturar dessverre må avlysast så lenge forbodet varar. I dag er det vedtatt stopp for alle tenestereiser og skoleturar i både inn- og utland. Berre heilt nødvendig tenestereiser innanlands kan bli godkjent.
Skal halde seg heime
Alle tilsette og elevar som har vore og no kjem heim frå utlandet, skal halde seg heime i 14 dagar. I denne perioden skal tilsette, så langt det er mogeleg, arbeide heimanfrå og elevar få tilrettelagt undervisning.
Større arrangement og møte blir avlyst
Fylkeskommunale møte og arrangement med fleire enn 15 deltakarar blir avlyst. Dette gjeld også deltaking på eksterne arrangement, der det er tenkt at tilsette og elevar skal delta.
Undervisning på vidaregåande skolar
Skole og undervisning blir inntil vidare gjennomført, i tråd med nasjonale retningslinjer.
Gjennomføring av politiske møte
Politiske møte blir gjennomført med maks 15 personar til stades. Møta vil bli streama på mrfylke.no/streaming
Råd for tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune:
- Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie.
- Tilsette blir i fritida oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder.
- Bruk av heimekontor skal vurderast for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i husstanden sin. Dette skal vere avtalt med næraste leiar.