Kristiansund: Arrangerer kurs for immigrantar som vil starte bedrift
På tre dagar lærer deltakarane korleis dei startar og lukkast med eigen business. Lokale mentorar vil bidra med oppfølging.
Den 17.-19. mars arrangerer Vindel gründerkurs for immigrantar, i samarbeid med Startup Migrants.
- Vi syns det er viktig at så mange som mogleg får starte si eiga bedrift, uansett kvar dei kjem frå. Og vi ser at det det er nyttig. Vi har gründerar som har tatt kurset, starta bedrift og no har 20 tilsette, seier prosjektleiar Tore Legernes, i Vindel.
Gjennom dei tre dagane får deltakarane hjelp til å utvikle forretningsideen sin og til å realisere dei, på engelsk. Intensivkurset tar for seg alt frå formalitetar, ideutvikling til marknadsføring – men også kva fortrinn det er å ha ein multikulturell bakgrunn. Vindel sørger for at deltakarane får ein mentor frå lokalt næringsliv etter kurset.
- Vi ser at deltakarane treng tett oppfølging. Den største utfordringa deira er å få det første salet, og det kan ein mentor bidra med. Dei opner dører til det lokalt næringslivet, seier Legernes.
Startup Migrants er ein internasjonal gründerskole, som blant anna har kurs i Tyskland, Danmark, Sverige og Polen. På nyåret har dei kurs i Kongsberg, Steinkjer og Trondheim, i tillegg til i Kristiansund.
Prosjektet har fått 230.000 kr i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
May-Britt Roald, som leier gründerhjelpa hoppid.no i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier at kurstilbodet skal bidra til at fleire gründertalent kan lykkast med å utvikle forretningsideane sine.
- Dette programmet tar tak i barrierane som gründerar og spesielt immigrantar opplever når dei skal realisere forretningsideane. Vindel har fått støtte av fylkeskommunen til å vidareutvikle og teste ut ein modell der støtte frå mentorar er ein viktig del av programmet.