Ku-kunst på det nye undersvisningsfjøset er med i forskingsprosjekt
Kunsten på inngangspartiet til det nye undervisningsfjøset på Gjermundnes vidaregåande blir støypt inn i ein ny type betong som har evig liv og reduserte klimautslepp.
Møre og Romsdal fylkeskommune bygger nytt undervisningsfjøs til Gjermund vidaregåande, og den 24. mai skal inngangspartiet med utsmykking monterast: Nøyaktig klokka to skal tre fasadeelement av ein heilt ny betongtype løftast på plass. Det er eit aldri så lite historisk augeblikk, fordi det er første gongen at det som blir kalla grøne sandwich-fasadeelement, er produsert og tatt i bruk. I tillegg er fasadeelementa utsmykka med omrisset av ei ku, i aluminium.
Prosjektleiaren Josefin Havnevik Giske er spent på monteringsjobben.
- Vi har stort klimafokus i prosjektet, og vi syns det er svært kult å teste ut et heilt nytt berekraftig materiale som halverer klimagassutsleppa, seier Havnevik.
Lettare og slankare
Fasadeelementa som blir testa ut, er utvikla i forskingsprosjektet DARE2C (Durable Aluminium Reinforced Environmentallyfriendly Concrete Construction) som er leia av Hydro.
Her blir betongelementa armert med aluminium, noko som gjer det mogleg å erstatte ein større del av sementen - bindemiddelet i betongen - med lav-karbon bindarar. Dermed krev det mindre energi å framstille betongen, og CO2-fotavtrykket kan reduserast med opp mot 70% samanlikna med vanleg betong. Sidan aluminiumarmeringa ikkje rustar, kan overdekkinga av armeringa reduserast eller utelatast heilt. Elementa blir lettare og slankare, og ornamentikk kan kome fram i overflata, slik som ku-kunsten i aluminium på fasaden av undervisningsfjøset på Gjermundnes.
- Prosjektet passar godt inn i miljøprofilen vår. Vi jobbar både med å redusere utslepp og ombruk, seier Havnevik, og nemner utsleppsfrie gravemaskinar, ombruk av dører, himlingsplater, glassfibertank og betong frå nabobygg til fyllmasser.
Stor miljøgevinst
Betong er verdas mest brukte materiale. Ein ny betong med eit betre klimaavtrykk, vil kunne gi ein stor miljøgevinst. For Hydro kan elementa bli eit nytt satsingsområde.
- Vi håper at nybrottsarbeidet på Gjermundnes kan demonstrere korleis framtidas betong kan fungere og brukast, og at dette kan bli eit nytt produkt som kan kommersialiserast, seier Grete Hjetland, som er prosjektleiar i Hydro.
Det er Dr.techn Olav Olsen som har prosjektert elementkonseptet, Overhalla Betongbygg som fabrikkerer elementa, og Oshaug Metall som støyper kunsten. Hydro leier forskingsprosjektet og leverer armeringa. Kunstnar Bjørn-Kowalski Hansen har utforma ku-kunsten som er integrert i betongfasaden. Det nye undervisningsfjøset skal stå ferdig til 31. januar 2024.