Kulturrabatt for ungdom skal no også gjelde idrett

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok i dag å auke ramma Kulturrabatt for ungdom frå 2021 for å inkludere idrett i ordninga. Det betyr at ramma blir auka frå 800 000 til 1,2 mill. kroner.

Skriv ut

–Det er viktig å lytte til ungdomen, og dei har gjeve fylkestinget signal om at dei ynskjer å få utvida ordninga til å også gjelde andre kulturaktivitetar. No utvidar vi ordninga til å gjelde idrett, og har vedteke ei auka løyving til dette føremålet frå 2021, seier leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Skal gi ungdom eit tilgjengeleg og variert kulturtilbod

Målet med Kulturrabatt for ungdom er å gi ungdom eit meir tilgjengeleg og variert kulturtilbod i fritida til ein lågare pris. Dei siste åra har fylkeskommunen hatt avtalar med i underkant av 30 arrangørar fordelt på festivalar, kulturhus, kulturinstitusjonar, kommunar og kinoar i fylket. Ordninga inneber at fylkeskommune refunderer ein rabatt per billett på 25 prosent til arrangør.

– Vi ser ei klar auke i salstal for festivalar som Moldejazz, Jugendfest og Ålesund Live, der ein tidlegare hadde mest kinobesøk. At rabatten no blir auka til idrett gjer at enno fleire ungdomar får nyte godt av tilbodet. seier Krogsæter.

Arrangement og aktivitetar innan idrett

I 2021 blir ordninga utvida til å gjelde utvalde aktørar innan idrettsfeltet. Eksempel på arrangement på høgt nivå er eliteserien i fotball, og eksempel på aktivitetar er klatrehallar, ishallar, svømmeanlegg og skisenter. Ordninga omfattar ikkje  dekking av årskort og medlemsavgift.

-Rapportering per september 2021 vil gi tilbakemelding om status og effekt av endringane. Desse vil vidare ligge til grunn for ei eventuell auke frå 2022. Ordninga vil i si heilheit bli evaluert hausten 2023, avsluttar Krogsæter.

Utvikling av ordninga

Målet for ordninga er å oppnå brei deltaking frå alle aldersgrupper i ulike kultur og idrettstilbod i fylket. Dette kan gjerast ved å utvikle digitale løysingar som også omfattar eksempelvis elektroniske billettsystem.

Kontakt