Kurs skal hjelpe kommunane med klimabudsjettering

Prosjektet «Klimabudsjett som styringsverktøy» og KS inviterer kommunane til kurs i klimabudsjettering. Kurset vert gjennomført som tre webinar à 1,5 timar og blir sendt 22., 24. og 25. mars.

Skriv ut

Spørsmål som blir omhandla på webinara er mellom anna:

  • Kva er eit klimabudsjett?
  • Korleis rekne ut effekten av klimatiltak?
  • Korleis gjere klimabudsjettet til eit styringsverktøy?

Du kan melde deg på via KS sine nettsider. Her finn du også programma for dei tre webinara. Det er utarbeidd kursoppgåver til webinara. Desse skal hjelpe kommunane i gang med klimabudsjettarbeidet.

Dersom du ønskjer å arbeide i gruppe i lag med andre kommunar i etterkant av webinara vil det arrangert to ulike typar gruppearbeid:

  • Klimanettverket på Sunnmøre inviterer til gruppearbeid via Teams rett etter kvart webinar (tre gruppearbeid). Ta kontakt med einar.haram@sunnmoreregionrad.no dersom du ønskjer invitasjon til desse gruppearbeida.
  • Fylkeskommunen og Statsforvaltaren arrangerer i tillegg gruppearbeid etter at alle tre webinara er ferdige. Dette blir gjennomført onsdag 14. april klokka 9-12 via Teams. Send ein e-post til synnove.valle@mrfylke.no dersom du vil vere med her.

Snarvegar

Kontakt