Kva meiner du om fylkesstrategien for tilbod i vidaregåande opplæring?

Fylkesstrategi 2021-2024 legg rammene for kva tilbod det er mogleg å søke seg til på skolane i Møre og Romsdal. No er strategien sendt ut på høyring, slik at vi kan få inn innspel.

Skriv ut

Aktuelle høyringsinstansar har fått høyringsbrev og tabell på e-post. Høyringa er open for alle.

Høyringsbrevet, fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2021-2024 og tabell finn du i dokumenta under.

Du kan også lese meir om høyringa her.

Send høyringssvar til: post@mrfylke.no

Merk svara:

«Namn på avsendar, høyringssvar, fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande 2021-2024, sak 20/11390»

Frist for høyringssvar er 18.9.2020

Dokumenter

Kontakt