Kva skal vi betale på ferja neste år?

I 2018 vedtok fylkestinget eit påslag på to takstsoner på alle fylkesferjesamband i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for dette var å finansiere eit betra ferjetilbod med mellom anna hyppige avganger, fleire fartøy og miljøvennlege ferjer. 

Skriv ut

Vedtaket medførte ei auke på alle samband der fylkeskommunen hadde inntektsansvaret. I 2018 gjaldt dette følgande ferjesamband: 
-    Hareid – Sulesund
-    Årvika – Koparnes
-    Åfarnes – Sølsnes
-    Volda – Lauvstad
-    Skjeltene – Haramsøya – Lepsøya 
-    Brattvåg – Dryna – Nordøyane

Dette betyr at desse sambanda berre vil få ytterlegare takstauke, dersom fylkestinget vedtek å auke med ytterlegare ei takstsone i desember. Oversikt over gjeldande riksregulativ for ferjetakst, finn du lenger nede på sida.  

Nye kontraktar frå 1.1.2020

Frå 1. januar 2020 startar Møre og Romsdal fylkeskommune opp med fleire nye kontraktar der fylkeskommunen har inntektsansvaret. I desse kontraktane vil det bli innført nye og miljøvennlege ferjer i løpet av kontraktperioden. Sykkylven-Magerholm og Hareid-Sulesund har allereie nye miljøferjer på plass. På Nordmøre blir det fasa inn fem nye miljøferjer i løpet av 2020. 

Følgjande samband får takstauke på to takstsoner frå og med 01.01.2020. Her kan det bli ei auke på tre takstsoner, dersom fylkestinget vedtek dette i desember:
-    Eidsdal – Linge
-    Sykkylven – Magerholm
-    Leknes – Sæbø - Standal – Trandal 
-    Hollingsholm – Aukra
-    Kvanne – Røkkum
-    Seivika – Tømmervåg
-    Arasvika – Hennset
-    Solholmen – Mordalsvågen
-    Liabygda – Stranda
-    Festøya – Hundeidvik
-    Molde – Sekken
-    Sandvika – Edøya
Frå og med 01.01.2020 er det berre Larsnes - Åram – Voksa – Kvamsøya og Småge – Orta – Funnøya – Sandøya – Ona som ikkje har fått påslaget på to takstsoner.

Oversikt over takstregulativet for 2019. Dette er takstar før rabatt:

Bilde som viser ein tabell med ferjetakstar

AutoPASS

Alle fylkeskommunen sine samband vil få ei endring ved innføring av AutoPASS-regulativ. Regulativet gir fylkeskommunen samla sett same inntekter. Den store endringa er at passasjerar ikkje skal betale, medan køyretøy då må betale tilsvarande meir. Fylkeskommunen vil gi nærare informasjon etter fylkestinget har behandla saka om endra takstar. 

Dokumenter

Kontakt