Kvanne-Rykkjem får el-ferje, kaiarbeid får følger for buss- og ferjetrafikken
Det blir nye rutetider på sambandet Kvanne-Rykkjem mens ferjekaiene blir ombygd for elektrisk ferje. Også enkelte bussruter blir påverka av anleggsarbeidet.
- Arbeidet vil skje på kveld og natt. Det betyr at ferjeavgangane om nettene blir innstilte, seier Atle Ræstad, maritim rådgivar i FRAM.
Dei nye, midlertidige rutetidene gjelder frå måndag 9. mai og i tre veker, til og med 29. mai.
Dersom arbeidet med å elektrifisere sambandet blir fullført tidlegare enn planlagd, går ein tilbake til ordinær rutetabell igjen.
Påverkar to bussavgangar
Arbeidet med ferjekaiene på Kvanne-Rykkjem påverkar også to avgangar med buss:
- Rute 902 med avgang frå Skei i Surnadal kl. 2210 blir innstilt
- Rute 902 med avgang frå Sunndalsøra kl. 2235 blir innstilt
NB! Rute 902 med avgang frå Molde kl. 2100 vil gå som normalt til Sunndalsøra.
Sju samband elektrifisert
Når Kvanne-Rykkjem er elektrifisert, er sju av dei 21 ferjesambanda som FRAM har ansvaret for i Møre og Romsdal, over på elektrisk drift.
Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM, seier vi nok må rekne med nokre innkøyringsproblem ved overgang til ny teknologi. Erfaringa frå dei andre sambanda som er elektrifisert er at det i samband med installasjon og tilpassing av ladeinfrastruktur på fartøy og land, blir nokre innstilte avgangar.
- Men erfaringa er òg at så snart det er på plass, vil regulariteten bli like god med elektrisk- som med dieseldriven ferje, seier Wiig.
Størst utslepp
Fylkestinget har vedtatt eit mål om 55 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Skal ein nå målet, må det bli tatt store miljømessige grep, særleg innafor kollektiv- og ferjetilbodet, som bidreg med dei største klimagassutsleppa frå fylkeskommunen som verksemd.
Elektrifisering av ferjesamband reduserer klimagassutsleppa betydeleg, og er det største enkelttiltaket i Møre og Romsdal fylkeskommune.