Kven bør få Trafikktryggingsprisen 2020?

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut prisen til lag, organisasjonar eller enkeltpersonar som har gjort særleg godt arbeid for trafikktrygginga.

Skriv ut

Prisen blir overrekt på fylkestinget i oktober, og består av eit kunstverk og 15 000 kroner. Fristen for å nominere kandidatar er 20. august. 

I 2019 var det Gulstripeaksjonen som fekk trafikktryggingsprisen. Aksjonen starta i 2017 blant eldsjeler og bebuarar i Halsa og Hemne kommune, som soknar til strekninga E39 Betna-Stormyra. For å sette søkelyset på utryggheita på den 26 km lange strekka med europaveg som var for smal til å ha gulstripe, vart det strikka gulstripe av den engasjerte aksjonsgruppa. Dei bygde arbeidet sitt på ein kombinasjon av humoristisk kampanje og alvor og jobba hardt mot myndigheiter, organisasjonar, politikarar og næringsliv på alle nivå. Det gav endeleg resultat. I statsbudsjettet 2019 vart det gitt ei oppstartsløyving.

Tidlegare har til dømes FAU ved Bjerkelund skole, Synnøve Rekkedal Hill, Aksjonsgruppa for Hessa skole, Harald Torseth, trafikksikkerhetsutvalget ved Gomalandet skole, Kjellbjørn Johansen i politiet og Molde fotballklubb fått trafikktryggingsprisen. 

Foreslå kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2020.
 

Kontakt