Kven fortener inkludering- og mangfaldsprisen i Møre og Romsdal?

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2020 la ned ein spesiell innsats i å fremje integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg før 19.mai!, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skriv ut

Prisen skal heidre nokon som har gjort ein stor innsats for å fremje inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidslivet i fylket. Prisen skal også vere til inspirasjon for arbeidet på feltet.

Motverke utanforskap

Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. Sosial berekraft handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettferdig grunnlag for eit anstendig liv. Menneskerettane er det viktigaste utgangspunktet for dette. Utdanning, anstendig arbeid, likestilling, kulturelt mangfald og eit godt helsetilbod, er berre nokre av områda som er sentrale.

-Det å bidra til å motverke utanforskap er sentralt i dette arbeidet. Inkludering- og mangfaldsprisen er eit tiltak  for å anerkjenne og løfte fram gode eksempel på korleis motverke utanforskap , seier Wedlog Olsen.

Tidlegare vinnarar

Kultur,- næring- og folkehelseutvalet endra Likestillingsprisen til Inkludering- og mangfaldsprisen i 2020. Vinnaren av Likestillingsprisen 2019 var Mayada Alfaiyad og i 2018 var det Volda og Ørsta Pride.

Kven kan motta prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som

  • bur i fylket eller har sterk tilknyting til fylket
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremjer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv, for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion 

Send inn forslag innan 19.mai

Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Nominer kandidaten din innan 19. mai.  Du finn skjema for nominering og meir informasjon på mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend

Kontakt