Kven meiner du fortjener Miljøprisen i år?

Dersom du veit om nokon som har gjort ein ekstra innsats for miljøet i Møre og Romsdal i løpet av året, ønsker vi å høyre frå deg.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein miljøpris. Prisen skal gå til nokon som i løpet av året har gjort eit særleg veridfullt arbeid på områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.

-Vi inviterer alle til å sende inn forslag til miljøpris-kandidatar. I forslaget må du gi ei kort skildring av kandidaten, og ei grunngjeving for kvifor du meiner kandidaten fortjener prisen, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne Håkon Sandnes.

Kven kan få Miljøprisen?

Prisen kan gå til enkeltpersonar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre.

Miljøprisen består av eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Prisen blir delt ut under fylkestinget i desember.

Frist for å sende inn forslag: 22. oktober 2019

Her kan du sende inn forslag.

Desse har fått miljøprisen tidlegare:

  • 2018: Sødahlhuset AS
  • 2017: Plastfritt Giske
  • 2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
  • 2015: Stranda Prolog AS
  • 2014: Naturvernforbundet
  • 2013: Standal knuseverk AS
  • 2012: Alv Ottar Folkestad
  • 2011: Norsøk
  • 2010: Olav Bye
  • 2009: Runde miljøsenter

Kontakt