Lærarstreiken er over, slik blir oppstarten på skolane
Dei tre vidaregåande skolane som har vore råka av lærarstreiken – Molde, Romsdal og Hustadvika – startar opp undervisninga i løpet av i morgon, onsdag.
Fellesmeldinga til alle elevar og lærarar ved dei tre vidaregåande skolane er slik: Det blir i løpet av tysdag kveld sendt ut melding til alle elevar og lærarar om korleis første dag etter streiken blir. Og: Den oppsette streiketimeplana gjelder fram til lunsj på onsdag.
Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at skolane har som mål å starte ordinær undervisning så snart som dette er mogleg. Men ho ber om forståing for at onsdagen ikkje blir heilt som normal:
- Varselet om tvungen lønnsnemnd, og at streiken var over, kom like etter klokka 19 på tysdag. Det er kort tid å områ seg på, både for lærarar og elevar. Men vi skal gjere det beste ut av det. Etter lunsj onsdag prøver vi å ha ein så normal skoledag som mogleg, seier kompetansesjefen.
152 lærarar ved dei tre vidaregåande skolane Molde, Romsdal og Hustadvika har i haust vore tatt ut i streik. Dette har ramma undervisninga ved skolane.