Lærer deg korleis du får hjelp til å gjennomføre den gode idéen
Har du ein god idé, men ikkje veit korleis utvikle og realisere den? Då bør du bli med og lære korleis ein får støtte.
Møre og Romsdal fylkeskommune, Forskingsrådet og Innovasjon Norge inviterer bedrifter på Sunnmøre til to dialogmøte. Formålet med møta onsdag 10. mai i Sykkylven og Rauma, er å diskutere korleis ein får støtte til gode prosjektidear som kan bidra til å løyse utfordringar bedrifta står i.
Får innsikt i verkemiddel
Deltakarane vil få innsikt i ulike verkemiddel som kan brukast for utvikle og realisere prosjektideane, slik at det gir auka verdi for bedrifta.
- Vi ønsker å bidra til auka innovasjonsevne i bedriftene og er oppteken av å støtte prosjekt som vil gi konkrete resultat, og som vil bidra til å løyse både bedriftene og samfunnet sine utfordringar, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gjennom praktiske prosjekteksempel vil deltakarane få betre forståing for kva som skal til for å utvikle gode prosjektidear som er mogleg å realisere. Eksempla vil vise korleis ulike verkemiddel passar til ulike typar innovasjonsprosjekt.
Møteplass
Dialogmøta er også ein møteplass som kan opne dører for nye kjennskap og potensielle samarbeidspartnarar.
- Vi oppfordrar bedrifter som er nysgjerrige på korleis verkemidlane fungerer og som har innovasjonsidéar, til å delta på dialogmøta, seier næringssjefen.
Møta går av stabelen i Sykkylven og Rauma den 10. mai. I Sykkylven startar det kl. 08:00 med frukost, og i Rauma startar det kl. 14:00.