Lærlingar frå Møre og Romsdal i toppen i Yrkes-NM

Møre og Romsdal tok ein gull-, ein sølv- og to bronseplassar i Yrkes-NM på Raufoss denne veka.

Skriv ut
  • Steffen Skaget frå Vard Søviknes tok gull i sveisarfaget, medan Niklas S. Hansen frå IP Huse AS tok bronse i industrimekanikarfaget.
  • Magnus Braute og Damian Jafra frå Borgund vidaregåande skole stakk av med andreplassen i automatiseringsfaget.
  • Oskar Devold Fiske og Theodor Slyngstadli også frå Borgund vidaregåande skole tok tredjeplassen i automatiseringsfaget.

Gullvinnar Steffen Skaget var svært fornøgd med sigeren:

- Det var litt uventa, men sigeren var skikkeleg «nice», seier Skaget. - Det gjekk mykje betre enn eg hadde venta, og det var ein sterk konkurranse.

Etterpå var det lite tid til feiring, då ein lang køyretur heim til Sunnmøre venta. Fredag blei det feiring med kake og talar på Vard Group i Søviknes.

Bjørn-Ove Aaland frå opplæringskontoret i Haram seier at ein slik siger betyr mykje for yrkesstoltheita og er viktig for å bli tatt på alvor.

Dette var første yrkeskonkurranse på tre år, grunna pandemirestriksjonar.

Vinnaren av yrkes-NM blir kvalifisert til å delta på VM i Shanghai i Kina i oktober. Akkurat no er byen stengd for innreise grunna koronarestriksjonar, så det er litt usikkert om det blir mogleg å reise. Det er også ein moglegheit å delta på EM i Polen i 2023.

Sveisefaget:
1.plass: Steffen Skaget, Vard Group, Søviknes
Automatiseringsfaget:
2.plass: Magnus Braute og Damian Jafra, Borgund videregående skole
3.plass: Oskar Devold Fiske og Theodor Slyngstadli, Borgund videregående skole
Industrimekanikerfaget:
3.plass: Niklas Sæbjørn Hansen, IP Huse AS

 

- Vi har eit stort behov for fagfolk, så denne erfaringa er viktig for lærlingane å ta med seg når dei skal snakke om yrkesfag og den store viktigheita av dyktige fagarbeidarar som industrien har behov for, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar i opplæring i bedrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Yrkes-NM blei arrangert av Norsk Industri i samarbeid med WorldSkills Norway, Læringsfabrikken på Raufoss, Opplæringskontoret for industrifag Innlandet, Nammo, Opplæringskontoret for mekaniske fag og andre samarbeidspartnere.

Kontakt