Lærlingpraksis på Gran Canaria - ei oppleving for livet!
- Vi har utvikla oss i faga våre, og har lært svært mykje om oss sjølve, samstemmer unge lærlingar frå Møre og Romsdal etter tre hektiske månader på Gran Canaria. – Dette er noko vi ønsker å utvikle, slik at fleire lærlingar får oppleve arbeidslivet i eit internasjonalt perspektiv, seier Kristian Severeide, spesialist på internasjonalisering.
- Vi ser ein gjeng som reiser ut, litt usikre på seg sjølve, og kjem tilbake med styrka sjølvtillit og meistringsfølelse. Vi er veldig stolte av dette prosjektet, og av lærlingane, seier Berit Brudeseth frå kompetanse og næringsavdelinga ved fylkeshuset. Ho er ansvarleg for det praktiske opplegget i Møre og Romsdal. Tilbodet har kome i stand som eit samarbeid mellom fylkeskommunen, lærebedriftene, opplæringskontora, og lærlingane sjølve. Erfaringane så langt har gitt meirsmak, og ein ønsker å opne dørene for at fleire lærlingar skal få tilsvarande livserfaring.
Ein moglegheit for alle lærlingar
- Ikkje berre er fagleg utvikling viktig, men personleg erfaring og utvikling er minst like viktig for å utvikle eit internasjonalt perspektiv på arbeid og kultur, understrekar Kristian Severeide. Han er tilsett ved kompetanse og næringsavdelinga i fylkeskommunen, med internasjonalisering som spesialområde. Han har det overordna ansvaret for opplegget, med god støtte frå kollegaer i seksjonen, frå dei aktuelle opplæringskontora, og frå lærebedrifter.
Opplæringa på Gran Canaria skjer medan det er stille månader her heime, men full fart i det spanske øyriket. Det har vore travle arbeidsdagar for lærlingane, men også tid for opplevingar på fritida. Og ikkje minst har dei fått praktisere engelskkunnskapen sin, og kanskje snappa opp litt spansk også.
- Kriteria for å få bli med er ikkje skolekarakterar, men kor skikka ein viser seg i jobben. Stabilitet i oppmøte, at ein er dyktig i utøving av faget sitt, korleis ein bidrar til arbeidsmiljøet, og andre menneskelege eigenskapar veg tyngst, påpeikar Berit Brudeseth.
Once a lifetime-oppleving
- Dette er noko du opplever berre ein gong i livet! Opphaldet har vore utruleg inspirerande, og eg har verkeleg fått lære meg sjølv betre å kjenne. Til andre lærlingar vil eg berre seie: Hiv dokker på, seier Benjamin Krakeli, lærling i salgsfaget. Han kjem frå Eide, og har praksis på ein Kiwi-butikk. I Syden fekk han arbeide med formidling av bustader og eigendomar.
- Eg har utvikla meg i faget mitt, og eg har møtt utfordringar som har løfta meg som menneske. Med rundt to tusen nordmenn var det eit stykke mellom spanjolane, men eg fekk i alle fall prøve engelsken min. Ikkje nøl, grip sjansen, er Linn Christin Vågsæther sitt råd til andre lærlingar. Ho utdannar seg innan frisørfaget og hadde praksis på ein spansk frisørsalong. Ho kjem frå Stranda.
- Eg er svært glad for at eg tok sjansen. Dette er det beste eg har gjort til no i livet. Og eg fekk testa språkferdigheitene mine også, seier Ingeborg Bytingsvik, lærling i reiselivsfaget. Ho kjem frå Aukra. Får du sjansen, er det berre å «gønne på», er rådet hennar til andre lærlingar.
- Dette har vore ei unik og spesiell oppleving! Eg er svært glad for at eg takka ja til tilbodet. Eg har verkeleg lært meg sjølv betre å kjenne etter desse tre månadane utanlands, og i tillegg har eg fått styrka meg som fagutøvar. Ikkje nøl om du får sjansen, seier Kamilla Bjørlykke Storøy frå Herøy til andre lærlingar. Ho utdannar seg innan barne- og ungdomsarbeid.
Frå Syden til eksamen
- Dei første to vekene reiv heimlengselen merkbart i kroppen. Men når vi først var blitt vane til den nye kvardagen, var det berre herleg. Likeins det nydelege klimaet, samanlikna med vintervêret heime i Noreg! Då dagen for heimreise kom, var det hardt å pakke sekken og forlate Gran Canaria og Syden, samstemmer lærlingane.
For dei åtte heldige kandidatane står ein hektisk vår for tur, med den store prøva til fagbrevet, etter to års opplæring i vidaregåande skole, og to års læretid i bedrift. Når eksamen er bestått kan dei gå ut i arbeidslivet som kvalifiserte fagfolk, med ein dose internasjonalisering i den faglege og menneskelege ryggsekken.
EU-midlar
Tilbodet i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune vart første gong gjennomført i 2015, takka vere EU-midlar gjennom eit program kalla Erasmus +. Opplegget fekk ein stopp under dei to åra med pandemi, men er no heldigvis i gang att. Erasmus + er verdas største utdanningsprogram, og gir mellom anna moglegheit for utanlandsopphald i Europa for både elevar, lærlingar, studentar og tilsette. For fylkeskommunen er programmet særs viktig for å kunne gje ein internasjonal dimensjon til den vidaregåande opplæringa.
Rykta går, og både tilsette i nærings- og kompetanseavdelinga ved fylkeshuset og tilsette ved fleire opplæringskontor har allereie fått førespurnad frå nye, håpefulle lærlingar som gjerne vil bli internasjonalisert i løpet av læretida si.