Landbruk Nordvest får tilskot til løysingar for god dyrevelferd

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok denne veka å løyve 500 000 kroner til Landbruk Nordvest. Pengane skal brukast i prosjektet Byggprosjekt storfèkjøtt 2022, som skal gi råd til  kjøtt- og ammekuprodusentar for ombygging til lausdrift.

Skriv ut

Storfekjøttprodusentane i Møre og Romsdal står framfor ei rekke nye krav til dyrevelferd. Frå 2034 skal ingen kyr lenger stå på bås, men gå i lausdrift. Det blir rekna at minst 200 produsentar driv kjøtt- og ammekuproduksjon i båsfjøs i Møre og Romsdal i dag. Landbruk Nordvest vil no kartlegge behovet hos desse produsentane.

Vil gi råd til bønder som har båsfjøs
Saman med Nortura vil dei finne gunstige løysningar for kjøtt- og ammekuprodusentar, som no må  bygge lausdriftfjøs. I tillegg til rådgjeving, vil prosjektet gi alle bønder som har båsfjøs i fylket, også mjølkeprodusentar, tilbod om fagmøte og inspirasjonssamlingar for å skaffe seg eit godt beslutningsgrunnlag før utbygging.

Skal bidra til å oppretthalde kjøttproduksjon og drift av jordbruksareal

Formålet med prosjektet er å finne gunstige fjøsløysingar for dei som skal bygge lausdriftsfjøs, eller gjere andre tilpassingar som sikrar vidare utvikling og drift av kjøttproduksjonen. Ved å finne løysingar som gjer at også mindre bruk kan halde fram. Med dette vil ein oppretthalde kjøttproduksjonen i Møre og Romsdal og halde jordbruksareal i drift.

Les heile saksframlegget på mrfylke.no/politikk

Kontakt