Lanserte fylkesstrategi for forsking og innovasjon – Samarbeid for vekst

Fylkestinget har vedtatt ny strategi for forsking og innovasjon, i går vart den lansert på the North West.

Skriv ut

Strategien vart presentert av Thomas Vekve, VP Engineering i Brunvoll, som er leiar av styringsgruppa for strategiarbeidet.

Vekve la vekt på at strategien ikkje er fylkeskommunen sin strategi aleine, men fylket sin strategi; det vil seie næringslivet, kommunane, klyngene, høgskolane sin strategi. Den rettar seg både mot næringsliv og kommunal sektor i Møre og Romsdal, og gjeld for perioden 2021 - 2024.

Han peika på det overordna målet, auka innovasjonstakt i Møre og Romsdal, og meinte at dette er nødvendig for å halde på Møre og Romsdal sin posisjon som det største eksportfylket i landet målt per sysselsett.

Samarbeid om måla

Grunnleggande for strategien er at vekst og utvikling av næringsliv og kommunar må skje gjennom forsking og innovasjon. Like viktig er samarbeid for å nå måla.

Vekve viste til samarbeidsprosjekt som Brunvoll har hatt med konkurrerande bedrifter og forskingsmiljø for å løyse felles utfordringar og understreka at slike prosjekt er viktig for bedrifta sin posisjon i dag.

Mette Holand frå Molde kommune, medlem av styringsgruppa for strategien, presenterte saman med May Britt Solheim frå Dahls kontor, eit forskingsprosjekt dei har samarbeid om knytt til gjenbruk av møblar og inventar. Prosjektet illustrerer korleis samarbeid mellom kommune, bedrift og forsking kan bidra til nye forretningsmoglegheiter for bedrifta og både økonomiske og miljøgevinstar for kommunen og samfunnet rundt.

Dialog og samarbeid har også prega utforminga av strategien - som har fått namnet Samarbeid for vekst. Arbeidet med strategien starta med tre dialogmøte hausten 2020 med deltakarar frå ulike miljø og ulike delar av fylket.

Snarvegar

Kontakt