Lanserte prosjekt som skal skaffe meir kunnskap om livet i sjøen
I går var det oppstart for pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsonen» på Nordre Sunnmøre. Prosjektet skal samle inn og dele kunnskap og data om sjøbotn heilt inn til fjæresteinane langs kysten av Noreg.
- Vi treng å få på plass eit kunnskapsgrunnlag som gjer at vi kan ta dei rette avgjerdene for korleis vi forvaltar ressursane vi har i kystsona vår. Kun då kan vi forvalte havet og brukarinteressene slik dei fortener, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve, som var til stades på markeringa.
I første omgang skal prosjektet samle inn kunnskap om botnforhold i tre avgrensa pilotområde langs kysten, der Ålesund og Giske er peika ut som eit område. Det skal i tillegg utvikle eit verktøy som skal bidra til styrking av dei blå næringane og til ein berekraftig utvikling av små og store norske kystsamfunn. Det er løyvd 13,8 millionar kroner over statsbudsjettet i 2020 til oppstart av prosjektet, og Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskningsinstituttet samarbeider om prosjektleiinga.
Det vert samtidig jobba med å levere eit satsingsforslag i oktober 2021, for å få til eit nasjonalt kartleggingsprogram av kystsona frå 2023. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore engasjert i arbeidet med å få til ei kartlegging av havbotn i kystsona sidan 2014.
Fylkeskommunen har bidratt med økonomisk støtte og deltar i i styringsgruppa og referansegruppa for prosjektet.