Legg grunnlaget for sjølvkøyrande persontransport på sjøen
Gjennom prosjektet Smartare transport, har Møre og Romsdal fylkeskommune saman med ei rekke samarbeidspartnerar, jobba fram eit godt grunnlag for korleis vi i framtida kan få sjølvkøyrande fartøy for persontransport på sjøen i bynære område.
Prosjektet sin årsrapport for 2022 blir presentert for samferdselsutvalet 1. februar.
Møre og Romsdal var ein av fem fylkeskommunar som i 2018 fekk midlar gjennom Samferdselsdepartementet til Smartare transport i Norge. Samferdselsdepartementet ga fylkeskommunen 12,5 millionar til eit prosjekt med mål om auka passasjertrafikk på sjø i bynære område, med sjølvkøyrande båtar. Møre og Romsdal fylkeskommune har gått inn med ein eigeninnsats på 8 millionar kroner.
Prosjektet blir utført i samarbeid med FoU-miljø, Ålesund og Kristiansund kommunar, og næringslivsaktørar.
Tilpassa Ålesund og Kristiansund
Målet med prosjektet er å få fleire til å reise med miljøvennleg kollektivtransport, og vri meir trafikk over frå veg til sjø. Eit av tiltaka for å oppnå dette eit framtidsretta system for persontransport på sjøen i bynære område, med saumlaus kopling til andre måtar å reise på. For Møre og Romsdal sin del blir løysningforslaga i prosjektet knytt opp mot moglegheitene dette kan gi i Ålesund og Kristiansund.
Arbeidet som er gjort gir eit grunnlag for næringsaktørar som ønskjer å jobbe vidare nye moglegheiter innafor sjølvkøyrande persontransport på sjø. Nokre av måla er å redusere miljøulempene og belastningane på vegsystemet gjennom å utvikle nye smarte løysningar. I prosjektet har vi valt å sjå på Ålesund og Kristiansund som to moglege alternativ for slike løysingar i vårt fylke, på grunn av byanes tilknyting til sjøen.
-Desse løysningane må bidra til å auke mobiliteten i transporttilbodet og vere brukarvennleg for at folk skal velje å reise kollektivt. Sjølvkøyrande båtar på sjøen i større byar kan vere eit godt bidrag i denne samanhengen, seier Marte Berild Hjelle, rådgivar på samferdselområdet, og prosjektleiar for Smartare transport i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Konseptuell illustrasjon av terminal-løysning (Illustrasjon: Møre Maritime).
Vegen vidare
Etter at prosjektet er avslutta er det viktig å fortsette dialogen med næringsaktørar, for å sjå på korleis vegen vidare kan sjå ut.
- Det er mange ting som må på plass før vi kan sjå sjølvkøyrande båtar på sjøen, men dette prosjektet gir eit grunnlag for vidare utvikling. Resultata vil vere viktige og vil truleg legge føringar for moglegheitene for vidareføring, utvikling og realisering av konsepta som er utarbeida i prosjektet. Kost-nytte er eit sentralt tema. Det same gjeld utfordringar knytt til regulativutfordringar. Vinteren 2023 er satt av til å samanfatte resultata i alle delprosjekta, og presentere moglegheitsstudiet på ein heilskapleg og god måte, seier Berild Hjelle.
Prosjektet planlegg fleire arrangement utover året for å formidle arbeidet for eit bredt publikum, og for å synleggjere potensialet i resultata for næringsliv og verkemiddelapparat. Saman med Samferdselsdepartementet har Møre og Romsdal også tatt ansvaret for å arrangere ei felles prosjektavslutning for alle dei fem fylkeskommunane/prosjekta i Smartare transport i Norge, hausten 2023.