Lesekampanjen Sommarles.no er i gang

Laurdag 1. juni starta den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. – 7. klasse i Møre og Romsdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje! 

Skriv ut

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok meir enn 105 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

– Det er gledeleg at alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal er med på Sommarles, og at skulane bidrar aktivt i å gjere kampanjen kjent for elevane før ferien. Spesielt når forsking viser at barn som deltar i lesekampanjen taper svært lite lesekompetanse over sommaren, i motsetning til barna som ikkje er med, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no.
  • Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS.
  • Sommarles.no blir i 2019 leia av Finnmark fylkesbibliotek, Østfold fylkesbibliotek og Snuti AS.