Levekårsnettverk i Møre og Romsdal
Levekårsnettverket for Møre og Romsdal vart etablert i januar 2019 i regi av prosjektet Møre og Romsdal 2025. Målet er å skape eit forum der aktørane kan samarbeide om oppdragsløysingane for å kunne gi relevant og koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.
Ved oppstart var Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV og KS partane i nettverket.
Partane hadde sitt første møte under Nyttårskonferansen i januar 2019 og har følgt opp med to møter etter dette.
Fylkesmannen er leiar av nettverket og dei utvalde aktørane bidrar innanfor eiga ansvars- og oppgåveområde.
Nettverket vil jobbe med ulike fokusområder, der «Bustad for velferd», «Nullvisjon for utenforskap» og «utsatte barn og unge» er døme på arbeidsområde.