Likestillingsprisen 2019 til Mayada Alfaiyad

Kultur-, næring og folkehelseutvalet vedtok i dag å tildele likestillingsprisen 2019 til syriske Mayada Alfaiyad, busett i Fræna.

Skriv ut

Likestillingsprisen blir delt ut kvart år til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, skolar/skoleklasser, bedrifter, institusjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket.

- Det er veldig kjekt å kunne dele ut årets pris til Mayada Alfaiyad. Ho er ei sterk, moderne kvinne som viskar ut forskjellane mellom mann og kvinne, flyktning og arbeidstakar, etnisk norsk og utlending og er såleis ein god representant for likestilling mellom kjønn og sosiale nivå, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur, næring og folkehelseutvalet.

Sterkt engasjement

Alfaiyad kom til Elnesvågen i juni 2017,  som flyktning frå Syria. Ho er født i 1979, utdanna sjukepleiar og er i dag midlertidig tilsett i flyktningtenesta i Fræna kommune som tolk i barnehagen.

Alfaiyad har halde innlegg på 8. mars- arrangement der ho fortalte om korleis det var å vere kvinne i Syria før krigen begynte.  Ho er aktiv i lokalmiljøet sitt både gjennom jobb og fritid og formidlar kunnskap om det norske samfunns- og arbeidslivet, og er ein ressurs for mange. Ho er også ei som arbeider med å påverke haldningane til andre innvandrarkvinner for å få dei til å engasjere seg i lokalsamfunnet og få seg ein jobb.

Like moglegheiter for alle

I kriteria for prisen står det at prisen blir delt ut til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremme:

  • Likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn av kjønn, alder, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og språkval, nynorsk/bokmål
  • Likestilling mellom kvinner og menn
  • Likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten
  • Likestilling mellom funksjonshemma og ikkje funksjonshemma

Likestillingsprisen for 2019 har vore annonsert på nettsida og i sosiale medium med frist for innsending av forslag til kandidatar 18. oktober.  Etter andre gongs utlysing, kom det i år fem forslag på kandidatar.

Prisen blir delt ut på fylkestinget 9. desember. Prisen er ein diplom, kunstverk og 15 000 kroner.

Kontakt