Løyver 480.000 kroner til produktutvikling i reiselivet

Resultata frå første fase er gode. No får Nordveggen 480.000 kroner i tilskot til fase 2 for å utvikle reiselivsprodukt i Rauma.

Skriv ut

Det er kultur-, næring- og folkehelseutvalet som einstemmig har løyvd midlane.

Reiselivsprodukta som utviklingsselskapet Nordveggen planlegg å nyutvikle eller vidareutvikle, skal innehalde element av både natur, kultur, historie og mattradisjonar.

Nordveggen AS søkte i 2020 om tilskot til prosjektet «Produktutvikling reiseliv i Rauma, fase 1», og dei fikk då løyvd 480.000 kroner. Dei signaliserte allereie då at dette er eit langsiktig arbeid og at det mest venteleg ville bli søkt om tilskot også til ein fase 2.

Tilskotet for fase 2 er økonomisk på same nivå som fase 1. Politikarane følger innstillinga frå fylkeskommunedirektøren og set som føresetnad at prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Visit Nordvest.

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at «Målsettinga med prosjektet er å styrke Romsdalen si konkurransekraft, spesielt i skulder- og vintersesong. Dette vil bidra til heilårsturisme og med det heilårsarbeidsplassar som er ei uttalt målsetting både regionalt og nasjonalt.»

Snarvegar

Kontakt