Lyser ut 6,9 mill. kroner til forsking i Møre og Romsdal

Bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal kan no søke om støtte på inntil 500 000 kroner for å kome i gang med forsking- og utviklingsprosjekt. Søknadane blir behandla løpande.

Skriv ut

Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal lyser no ut Kvalifiseringsstøtte til forskingsbasert innovasjon. Samla ramme er 6,9 mill. kroner, og prosjekt kan få inntil 500 000 kroner i støtte. Hensikta med kvalifiseringsstøtta er å få opp forprosjekt som kan gå vidare til hovudprosjekt med støtte frå regionale, nasjonale eller internasjonale ordningar.

Tema for utlysinga

Kvalifiseringsprosjekta må handle om minst to av følgande tema:

•  Prosjekt som bidrar til berekraftige løysingar og det grøne skiftet (FNs berekraftsmål er førande)

•  Mogleggjerande teknologiar (bransjespesifikke eller generiske)

•  Havrommet som grunnlag for næring

• Innovasjon i kommunal sektor (fornying, effektivisering og betre kvalitet)

Kven kan søke?

Bedrifter, bedriftsnettverk og kommunale verksemder i Møre og Romsdal kan søke. Søkar må samarbeide med minst eitt godkjent FoU-miljø. FoU-institusjonar frå Møre og Romsdal kan også søke dersom det er i samarbeid med regionale bedrifter eller kommunar.

Kva skal til for å få støtte?

-Vi prøver å gjere det så enkelt som mogleg å kome i gang med forsking. Men det er likevel visse krav som må vere oppfylt før vi kan tildele midlar, seier sekretariatsleiar i Regionale forskningsfond Møre og Romsdal, Øyvind Herse. -Det er blant anna krav om 50 % eigeninnsats i form av pengar eller arbeidstimar. Det beste tipset er derfor å lese utlysingsteksten nøye. Der står det både kva midlane kan brukast til og kva dei ikkje kan brukast til. I søknader frå kommunar legg vi vekt på at kommunane er problemeigar og at forskingsinnsatsen og innovasjonane skal komme brukarane til gode, seier han.

Finns det hjelperessursar?

-Vi oppfordrar interesserte til å ta kontakt med ein kompetansemeklar. Kven kompetansemeklarane er, og kvar dei held til, finn du på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune. I ein tidleg fase kan du også sparre med oss i sekretariatet for Regionale forskningsfond Møre og Romsdal. Vi kan gi generelle råd og tips, seier Herse.

Utlysinga finn du på nettsidene til Regionale forskningsfond Møre og Romsdal.

Kva er Regionale forskningsfond?

Regionale forskningsfond er eit ordning for å styrke forskingsevna i regionane. Ordninga har eksistert i mange år, men 1. januar 2020 vart Møre og Romsdal eigen fondsregion. Fondet gir tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

Kontakt