Lyser ut drifts- og vedlikehaldskontraktar for fylkesvegnettet i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut to driftskontraktar for fylkesvegnettet i indre og ytre Romsdal. Samstundes blir det gjennomført konkurransar på tunnelreinhald og asfaltering langs fylkesvegane. Til saman har kontraktane ein anslått verdi på rundt ein milliard kroner.
Dei som blir tildelte dei ulike oppdraga skal drifte vegnettet i store delar av fylket, og bidra til stabil framkomme og god sikkerheit på fylkesvegane, heile året.
Driftskontraktar for 784 km fylkesveg
Driftskontrakten for indre Romsdal omfattar 275 km fylkesveg og 21 km gang- og sykkelveg. Kontrakten for ytre Romsdal omfattar 509 km fylkesveg og 89 km gang- og sykkelveg.
Kontraktane set òg krav til rapportering på CO2-utslepp og at alt handheldt utstyr knytt til skjøtsel av grøntareal og skråningar skal vere nullutsleppmaskiner. Begge kontraktane er 5-årige driftskontraktar med tosidig opsjon på 1, 2 eller 3 år, og einsidig opsjon på 1 år.
- Begge oppdraga dreier seg i hovudsak om driftsoppgåver og vedlikehald på vegnettet, samt oppgåver som inspeksjon, beredskap, vinterdrift og generell trafikkavvikling og andre oppgåver som er nødvendige for drift og vedlikehald av vegnettet. Kort sagt, viktige oppgåver for å oppretthalde god og trygg trafikkavvikling på fylkesvegane våre, året rundt, seier Torgeir Bye, som er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tilbodsfristen er 29. mars 2023.
Driftskontraktane: Indre Romsdal i rødt og ytre Romsdal i grønt.
Lang kontrakt på tunnelreinhald
Reinhald av tunnelane er viktig for å sikre god tryggleik og stabil oppetid. Kontrakten som lysast ut i veke fem, omfattar reinhald av tunnelar med tilhøyrande utstyr og installasjonar på 62 tunnelar i Møre og Romsdal. Dette er totalt 96 km tunnel.
Denne har ei varigheit på 8 år + 1 år opsjon. Fylkeskommunen vel å auke varigheita for å gjere oppdraget meir forutsigbart, og for gi entreprenørane betre moglegheit for å investere. Det vert også stilt nye miljøkrav, der det krevst nullutslepp-køyretøy for trafikkavvikling.
Tilbodsfristen er 13.april 2023.
To asfaltkontraktar
Det skal òg lysast ut to kontraktar på asfaltlegging i heile Møre og Romsdal.
- Desse oppdraga er legging av til saman 47 000 tonn asfalt på Sunnmøre, Nordmøre og i Romsdal. Her er CO2-utslepp ein sentral del av tildelingskriteria, i tillegg til pris. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å bidra til å redusere dei miljømessige konsekvensane ved produksjon og utlegging av asfalt, seier Bye.
Begge asfaltkontraktane er eittårige og lysast ut i løpet av veke 6.