Lyser ut nye ferjeanbod

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut nye anbod for ferjesambanda Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona og Brattvåg-Dryna. Det blir også lyst ut anbod på drift av sambanda Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya og Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya fram til Nordøyvegen opnar.

Skriv ut

Dei permanente ferjesambanda blir lyst ut i ein konkurranse og reiarlaga har frist til 16. september med å levere tilbod. 

Varar ut 2028

Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona (Utasundssambandet) har ei varigheit på 7 år frå 1. januar 2022. Ferja skal ha ein kapasitet på minimum 20 personbileininga og fylle krava som Sjøfartsdirektoratet stiller til ferjer som skal gå i ope farvatn. Rutetilbodet blir vidareført omtrent som i dag.

Brattvåg-Dryna har ei varigheit på 6 år frå 1. januar 2023. Ferja skal ha kapasitet til minimum 35 personbileiningar. Også her blir rutetilbodet vidareført med små justeringar. 

Nye kaier før neste kontrakt

- Det er naudsynt å mellom anna ruste opp fleira av kaiene i Utasundssambandet dei neste åra.  Da er det naturleg å ha litt kortare varigheit på anbodet enn det som er vanleg i ferjekontraktar. Da kan vi tilpasse krava til ferjene i dei neste kontraktane for desse sambanda til dei nye kaiene, fortel Jesper Wiig, som er driftssjef for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Mellombelse kontraktar i 2022

Nordøyvegen er planlagt opna for trafikk sommaren 2022. Ferjeanløpa til Skjeltene, Lepsøya, Haramsøya, Fjørtofta og Harøya er historie når Nordøyvegen opnar. Kontraktane for dei to ferjesambanda til Nordøyane går ut 31. desember 2021. For Brattvåg-Dryna er det også behov for eit ferjetilbod fram til ny kontrakt startar 1. januar 2023. Det blir difor lyst ut ei vidareføring av ferjetilbodet med ei varigheit ut året i 2022.

Forutsigbarheit

- Oppgåva vår er å få folk fram og at vi skal bruke dei økonomiske midlane våre på ein best mogleg måte. Bygginga av tunnelane på Nordøyvegen er akkurat passert halvvegs og det er difor viktig for oss å ha ei plan B om det blir behov for ferjene ei stund lengre enn planlagt, seier Jesper Wiig.

Han viser til at forutsigbarheit er viktig både for fylkeskommunen, trafikantane og reiarlaga. 
- Vi skal uansett ha ei kontrakt for Brattvåg-Dryna ut året og meiner forutsigbarheit vil vere gunstig for oss også økonomisk. Difor varar kontraktane ut 2022, men ferjedrifta til Nordøyane blir sjølvsagt avvikla når Nordøyvegen opnar, forklarer driftssjefen i FRAM.

Krava i dei mellombelse kontraktane er ei vidareføring av krava i gjeldande kontrakt. Fristen for å levere tilbod her er 9. september.