Må byte hovudmotor – MF Kvaløy i drift igjen i februar

Fann ikkje årsaka til motorhavariet. No får MF Kvaløy ny hovudmotor.

Skriv ut

MF Kvaløy trafikkerer til vanleg Utasundssambandet, rute 32 Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona.

Berre kort tid etter at MF Kvaløy var tilbake frå planlagt verksstadsopphald den 21. november, fekk ferja motorhavari. Under verksstadsopphaldet vart det blant anna gjennomført planlagd service på hovudmotoren utført av personellet til motorfabrikanten og etter deira tilrådingar. Verken reiarlag, verft eller motorprodusent har førebels klart å finne ei konkret årsak til havariet.

No har reiarlaget Torghatten Nord AS inngått kontrakt om levering av ny motor til MF Kvaløy. Installasjonen av motoren skal gå føre seg på verftet Havyard i Sognefjorden i januar. Ambisjonen og planen er at MF Kvaløy skal vere tilbake i Utasundssambandet i byrjinga på februar. I mellomtida vil MF Vengsøy trafikkere sambandet.

I vurderinga av motorløysing, av typen Baudouin 12M26.3, har reiarlaget lagt vekt på pålitelegheit, leveringstid og effektuttak.

Kontakt