Mari Romundset Nilsen, Knut Valen Håland og Molde Rytterklubb får idrettstipend

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har tildelt idrettsstipend til utøvarane Mari Romundset Nilsen frå Aure og Knut Valen Håland frå Fiskarstrand. I tillegg får Molde Rytterklubb årets klubbstipend. Alle stipenda er på 50 000 kroner kvar.  

Skriv ut

- Alle tre er talentfulle og verdige mottakarar av fylkeskommunen sitt idrettsstipend, og vi håpar at stipendet bidrar til å gi dei moglegheit til å halde fram satsinga si og utvikle seg vidare i fylket, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet. 

Gode prestasjonar 

Stipenda skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 16-23 år som viser til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året. Dei skal også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkespolitikarane å støtte opp om ein klubb som viser eit høgt aktivitetsnivå og god drift. 

Det var til saman 30 individuelle utøvarar og 10 klubbar som søkte om stipend innan fristen i april. Søknadane fordelar seg på 16 kvinner, 14 menn og 10 klubbar. Dette er ni fleire søkarar enn i 2020.  

Høgt nivå blant kandidatane 

Mari Romundset Nilsen (17) har drive med kampsport i ca seks år og er medlem i Aure Kampsportklubb. Ho har blitt Noregsmeister dei fire siste åra i Taekwondo. Ho har tatt åtte internasjonale medaljar (Worldcup), og ho blei Nordisk Mester i 2019. Ho deltok i OL-kvalifiseringsstemnet som den yngste deltakar nokon gong for Noreg. Mari har som mål å komme på fulltidslandslaget og bli ein topp internasjonal utøvar.  

Knut Valen Håland (21) har vore medlem i Langevåg IL sidan 2010 og spelar Diskgolf/frisbeegolf. Sidan han vart seniorspelar i 2018 har han hatt ei god utvikling, og er per i dag landets høgast rangerte spelar. Han er regjerande Noregsmeister og Kongepokalvinnar i 2020. Han vann PCS-open (internasjonal turnering) i 2020 og vant Noregsscupen samanlagt i 2020. Han gir alt for å bli profesjonell spelar, og har vore fleire turar i USA og deltatt i turnering med god plassering. Eit stipend ønsker han å bruke til eit idrettsvisum til USA for å trene med dei beste der. Knut er også landslagsspelar og vart i sist EM den beste nordmannen. 

Molde Rytterklubb er ein rideklubb i Molde med 185 medlemmar. Dei har rundt 100 elevar kvar veke i den største rideskolen i fylket i aldersgruppa 4-74 år. Klubben satsar aktivt på breidde og rekruttering til norsk ryttarsport inkludert idrett for parautøvarar. Klubben har tilbod om sprangriding, dressurriding, paraidrett, køyring og rideskole. Trass pandemien, har klubben klart å utvikle vekst både i medlemstal og aktive utøvarar. Klubben har tilsett dagleg leiar, og dei har ein lærling. Klubben har som mål å vere leiande aktør for breidde og rekruttering til norsk ryttarsport i Møre og Romsdal med eit tilbod for barn, unge og vaksne uavhengig av funksjonsgrad eller funksjonsnedsetting.  

Kontakt