Marin og miljø: Søk prosjektstøtte

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut midlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond. Søknadsfristen er 1. september 2021.

Skriv ut

Det vert lyst ut etter prosjekt innafor desse temaområda:  

  • Styrke marint kunnskapsgrunnlag og styrke arealplanlegging i kystsona gjennom interkommunale planar 
  • Tiltak for å hjelpe villaksen og fremje god sameksistens mellom havbruk og villaks 

Oppdaterte kystsoneplanar er eit viktige grunnlag for ein berekraftig bruk av sjøareala. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å stimulere til at kommunar samarbeider om planlegginga i sjøområda, og lagar interkommunalt kystsoneplanar/sjøarealplanar. Det er samtidig viktig at det vert jobba med å auke kunnskapsgrunnlaget om sjøområda og det marine miljøet. Dette gjeld også for leveområda for villaksen.

Gå til utlysinga 

Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i 2019 at midlar som fylkeskommunen får frå Havbruksfondet skal laggast til Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond, og brukast til å fremje ei berekraftig utvikling og auka verdiskaping i marin sektor i fylke.

Kontakt