Miljøprisen 2021 går til Gomalandet SFO

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gir Møre og Romsdal sin miljøpris til Gomalandet SFO. Dei får prisen for sitt engasjement for å redusere matsvinn og for å formidle gode haldningar til resirkulering og gjenbruk.

Skriv ut

- Å redusere forbruket og å redusere matsvinn er noko som ein på eit individnivå kan bidra med for å få til meir berekraftig bruk av dei ressursane vi har. Gomalandet skole SFO sitt engasjement for å redde frukt og anna mat frå å bli kasta, er til stor inspirasjon for andre skular, og bidreg til å gje både unge og vaksne gode haldningar til matsvinn og forbruk. Å lære seg å ta vare på maten og bruke det som har blitt produsert, er ein viktig lærdom for generasjonen som veks opp i dag, seier Marit Nerås Krogsæter (Sp), leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Reddar mat

«Matredderne på Gomalandet SFO» handlar om å redusere matsvinn. Prosjektet var først ein del av eit nasjonalt prosjekt «Matjungelen» som skulen har delteke i nokre år. No hentar ungane på skulen frukt og grønsaker frå butikkane tre dagar i uka, mat som elles ville blitt kasta. Elevane lærer om berekraft og får samtidig sunn og god mat, og nok frukt til å dekke heile skulen sitt behov heile veka. Ungane kjeldesorterer også emballasjen som følgjer med maten.

Prosjektet har gjort skulen meir bevisst på forbruket sitt. Nye leiker, spel og møblar til SFO vert ikkje kjøpt inn, men er gjenbruk. Prosjektet treff godt på fleire berekraftsmål, slik som god helse og livskvalitet, ansvarleg forbruk og produksjon og samarbeid for å nå måla.

Om miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket. Sjølve prisen blir delt ut under fylkestingsamlinga i desember og består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner. Sidan 2009 har prisen blitt delt ut til ulike formål og til både enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Desse har fått miljøprisen tidlegare:

2020: Vartdal Plast AS

2019: Ulrik Sandøy Sørensen

2018: Sødahlhuset AS

2017: Plastfritt Giske

2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS

2015: Stranda Prolog AS

2014: Naturvernforbundet

2013: Standal knuseverk AS

2012: Alv Ottar Folkestad

2011: Norsøk

2010: Olav Bye

2009: Runde miljøsenter

Kontakt