Milliardtap for oppdrettskommunar

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa ei total omlegging av fordelinga til Havbruksfondet. Dette vil føre til store inntektstap for kommunar og fylkeskommunar. 

Skriv ut

For 2020 er det gjort estimat som viser at inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve vil ligge ein stad mellom 5 og 6 mrd. kroner. Etter dagens modell skal desse midlane fordelast med 80% til Havbruksfondet som vert fordelt på kommunane og fylkeskommunane, medan 20% vert halde utanfor fondet og går til Staten. Regjeringa foreslår no å kutte inntektene til kommunal sektor til 1 mrd. kroner i år og neste år, og vil i statsbudsjettet for 2021 foreslå at frå 2022 skal 25% av inntektene gå til Havbruksfondet og 75% til Staten.

-Vi er sterkt usamde i forslaget om å endre fordelingsnøkkelen. Med den nye modellen vil det meste av inntektene gå til Staten. Heile poenget med Havbruksfondet er at lokalsamfunna skal få meir igjen for jobben dei gjer med å legge til rette for oppdrettsnæringa, seier fylkesordførar Tove Lise Torve. 

Fylkesordføraren presiserer at Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt sin del av midlane frå Havbruksfondet inn i eit fond for å støtte opp om marin næringsutvikling og marin forsking.

18. mai vedtok Fylkesutvalet følgande uttale til revidert nasjonalbudsjett 2020 og Kommuneproposisjonen 2021:

‘Møre og Romsdal fylkeskommune er prega av situasjonen kring covid-19- pandemien og viser til at det er usikre og krevjande tider framover. I denne uttalen ynskjer fylkeskommunen å trekkje opp dei lange linjene for føreseielege og naudsynt tilbodsstruktur i offentleg forvalting og finansiering av den fylkeskommunale verksemda.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil gje honnør til Regjering og Storting for det arbeidet som har blitt gjort under pandemien så langt, og mykje av det som har blitt tatt med i revidert nasjonalbudsjett er gode tiltak som vi er samde i. Likevel har vi følgjande område vi ynskjer å kommentere i uttalen vår:

· Fylkeskommunal økonomi

· Kollektivtilbodet

· Havbruksfondet

· Næringsliv

Økonomi: Møre og Romsdal Fylkeskommune sluttar seg til KS sitt krav om at Stortinget gjer eit oppmodningsvedtak til regjeringa der ein ber om følgjande:

1. Stortinget ber regjeringa sørgje for at kommunane og fylkeskommunane blir kompensert fullt ut for dei samla verknadane av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgiftene grunna covid-19-pandemien.

2. Stortinget ber regjeringa gjere nye vurderingar av behovet for kompensasjon til kommunesektoren i lys av ny informasjon både om meirutgifter og inntektsbortfall i kommunesektoren, utvikling i skatteinngang og lønns/prisutvikling, og fremje forslag om dette til Stortinget tidleg hausten 2020 og i samband til nysaldering av statsbudsjettet for 2020.

3. Stortinget ber regjeringa fremje ei endeleg analyse av samla økonomiske konsekvensar av covid-19-pandemien for kommunesektoren i 2020 i RNB 2021/kommuneproposisjonen 2022.

Kollektivtilbodet: Møre og Romsdal er bekymret for at kollektivtrafikken ikke i tilstrekkelig grad kompenseres for inntektstapet under Korona-krisa, noe som både rammer innbyggere, næringsliv og klimamålene, i og med at kollektivtrafikken nå påføres tap i inntekter og kundegrunnlag som det vil kunne ta mange år å rette opp. Overgangen til lågutsleppssamfunnet med nye el-ferjer og anna ny teknologi må i større grad bli kompensert av staten, dersom kostnaden ikkje skal veltast over på brukarane i form av høge ferjetakstar. Møre og Romsdal treng for sin del 80-90 mill.kr til dette formålet. Tidlegare investeringar må òg bli med i reknestykket.

Fylkeskommunane set no att med ein for stor del av rekninga og med dei noverande løyvingar fryktar fylkeskommunen at arbeidet vil stoppe opp. Møre og Romsdal fylkeskommune understrekar at her trengs det ytterlegare løyvingar seinare i 2020 og i åra som kjem.

Havbruksfondet: Ordninga med noverande fordeling frå Havbruksfondet er føreslått endra, noko som fører til store inntektstap for kommunar og fylkeskommunane. Ei innføring av produksjonsavgift kompenserer i liten grad dette tapet, sidan forslaget gjer at staten gradvis skal ha 75% av fordelinga og kommunane 25% frå 2022. Dagens modell er god og må vidareførast som ei fordeling der 80 % går til kommune og fylkeskommunane og 20 % til staten. Den same fordelinga gjeld produksjonsavgifta som er føreslegen innført.

Næringsliv: Møre og Romsdal fylke er eit sterkt industrifylke med mange næringar som er sterkt eksportretta og som er avhengige av treffsikre tiltakspakkar som må utformast i nært samarbeid med bransjane sjølve. I revidert nasjonalbudsjett er det viktig at ein får ei retning mot ei satsing på meir innovasjon, forsking, produktutvikling og kompetanseheving, innanfor mellom anna fiskeforedling, havbruk, møbel- og ferdigvareindustrien og i reiselivet, i tillegg til at infrastrukturprosjekt som aukar verdiskapinga må prioriterast, noko som vil seie å styrke eksportaksen inn og ut av Møre og Romsdal og verdiskapingsaksen frå nord til sør i fylket. Næringslivet i Møre og Romsdal har, som i andre delar av landet, vore gjennom både finanskrise og oljekrise dei seinare åra. No er vi inne i ei dobbel krise med pandemi og oljeprisfall, som rammar det konjunkturutsette, eksportretta næringslivet ekstra hardt.

Møre og Romsdal viser difor til hovudpunkta i uttalen frå partnarskap for kompetanse- og verdiskaping i Møre og Romsdal frå 27.04.2020 (som ligg vedlagt) som trekker fram følgjande punkt og ber Storting og Regjering følgje desse tett opp og om det er mogleg å kome med nye tiltakspakkar som treff desse punkta:

• Treffsikre tiltakspakkar må utformast i nært samarbeid med bransjane sjølve.

• Ein plan for auka skipsbygging må kome i statsbudsjettet for 2021.

• Industrien må gis moglegheit til å utvikle nye løysingar retta mot det grøne skiftet.

• Det må leggast til rette for meir produktutvikling og innanlands foredling av fisk.

• Det må satsast meir på forsking og innovasjon innanfor havbruk, m.a. fiskehelse.

• Det må leggast til rette for utvikling av grønne hydrogenprosjekt, utvikling av karbonfangst- og lagring og verdiskaping av ressursane i havet, basert på helhetlig forskning og regjeringas havstrategi.

 • Møbel- og ferdigvareindustrien treng kompetanseutvikling og ei ny eksportordning .

• Reiselivet treng utviklingstiltak, og det hastar med gode løysingar knytt til framtidige restriksjonar på cruisetrafikken i fjordane.

• Infrastrukturprosjekt som aukar verdiskapinga må prioriterast, dvs. styrke eksportvegen, E 136, inn og ut av fylket og verdiskapingsaksen, E 39, frå nord til sør i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at det er mange prosjekt som kan iverksetjast umiddelbart dersom det vert løyvd tiltaksmidlar. Dette gjeld mellom anna vedlikehald, rassikringsprosjekt og trafikktryggingstiltak, jfr T 30/2020’.

Store kutt for Møre og Romsdal

Inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve i år er estimert til 6 mrd. kroner. Dette ville for eksempel gitt oppdrettskommunen Smøla ei utbetaling på 68 mill. Med det nye forslaget frå regjeringa vil utbetalinga derimot vere ca. 20 mill. kroner. Kristiansund kommune vil få si tilføring av midlar frå fondet redusert frå ca. 14,7 mill. kroner til 4,3 mill. kroner, og Aure får forventa utbetaling redusert frå ca. 18,6 mill. kroner til 5,5 mill. kroner. Kommunane Ålesund, Vanylven, Stranda og Vestnes vil få sine utbetalingar redusert frå mellom 9 – 10 mill. kroner til rundt 3 mill. kroner. Sjå tabell nedst i saka om konsekvensane for Møre og Romsdal i 2020.

Ny produksjonsavgift kompenserer ikkje

Regjeringa foreslår samtidig å innføre ei produksjonsavgift på 40 øre per kg laks, aure og regnbogeaure. Inntektene er estimert til 500 mill. kroner årleg. Produksjonsavgifta skal frå 2022 gå inn i Havbruksfondet, og dermed fordelast mellom oppdrettskommunar og -fylkeskommunar. 

-Den foreslåtte produksjonsavgifta vil på ingen måte kompensere for at regjeringa snur fordelinga mellom stat og oppdrettskommunar og -fylkeskommunar på hovudet, og dei samla konsekvensane er dramatiske, seier Torve.

Fylkesordføraren har i dag 15. mai sendt ein uttale om saka til finanskomiteen på Stortinget.

Om Havbruksfondet

Stortinget bestemte i 2015 at all auke i produksjon innan matfiskoppdrett av laks, aure og regnbogeaure skal skje mot vederlag. Samtidig vart det oppretta eit fond, Havbruksfondet, som hadde som mål at lokalsamfunna skal få meir igjen for jobben dei gjer for å legge til rette for oppdrettsnæringa. Det vart derfor bestemt at oppdrettskommunar inkludert -fylkeskommunar skulle tilgodesjåast med 80 prosent av inntektene frå sal av auka kapasitet og nye løyve, medan staten fekk 20 prosent. Midlane til staten vert halde utanfor fondet. Etter sal av produksjonsvekst i 2018 fekk 28 kommunar i Møre og Romsdal til saman 206 mill. kroner, og fylkeskommunen ca. 34,4 millionar kroner. 

Slik er det estimert at forslaget vil slå ut for Møre og Romsdal i 2020 (tal i mill. kroner). Utrekningar og estimat er basert på tal frå Troms og Finnmark fylkeskommune.

Kommune2020 noverande2020 revidert
Smøla68,75620,206
Aure18,6165,471
Molde17,0645,015
Aukra16,2894,787
Kristiansund14,7384,331
Averøy13,1863,875
Volda12,4113,647
Ørsta11,6353,419
Vanylven10,8593,191
Vestnes10,8593,191
Stranda10,0842,963
Ålesund9,3082,735
Giske8,5322,507
Gjemnes6,9812,051
Hustadvika6,9812,051
Rauma6,2081,824
Fjord5,4301,596
Herøy5,4301,596
Tingvoll4,6541,368
Ulstein2,3270,683

 

Kontakt