Millionstøtte til Fagskolen i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen har fått 4,4 mill. kroner frå Staten til eit prosjekt som skal styrke samarbeidet mellom næringslivet og Fagskolen i Møre og Romsdal. Total kostnadsramme for prosjektet er 6,7 millionar kroner.

Skriv ut

I prosjektet skal Fagskolen i Møre og Romsdal tilsette ein person som saman med resten av dei tilsette på fagskolen skal medverke til å styrke samarbeidet med næringslivet i Møre og Romsdal. Målet er at dette samarbeidet skal tilføre fagskolen oppdatert kunnskap om kompetansebehovet i næringslivet slik at fagskolen kan legge til rette for relevant utdanningstilbod  for bedrifter i heile Møre og Romsdal.

Les meir i pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Det er Kompetanse Norge som forvaltar ordninga «Kompetansepilot» på vegne av Kommunal- moderniseringsdepartementet.

Kontakt