Mindre mobbing på dei vidaregåande skolane, meir mobbing i grunnskolen
Det er blitt mindre mobbing i dei vidaregåande skolane i fylket, men meir i grunnskolen. Tala frå Elevundersøkinga 2021 uroar både mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.
Særleg engsteleg er dei over tala frå 7.- og 10.-klassingane ved grunnskolane i fylket. På 7.-trinn svara 7,8 prosent av dei spurte at dei blir mobba. På 10. trinn var resultatet 5,3 prosent.
På dei vidaregåande skolane rapporterte 2,3 prosent av elevane at dei bli mobba.
To av tre påverka av pandemien
I Elevundersøkinga 2021 svarar nærmare to av tre elevar (62 prosent) på 5. trinn til og med vg3 i Møre og Romsdal at pandemien har påverka skolekvardagen negativt. Det er eit sterkt og urovekkande signal, meiner omboda i fylket.
Mobbeombod i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg, fryktar at koronapandemien har fått alvorlege konsekvensar for enkelte elevar.
- Eg trur det har vore utfordrande å oppretthalde kontinuitet og god kvalitet på det førebyggande arbeidet. Handtering av pandemien og høgt fråvær blant vaksne har vore krevjande for skolane og kommunane, og vi har vore uroa for korleis elevane sine rettar har blitt varetatte, blant anna retten til eit trygt og godt skolemiljø, seier mobbeombodet.
Må få konsekvensar
Omboda meiner svara frå elevane i ungdomsskolen må bli følgt opp i kommunane, men også i fylkeskommunen, som eigar av dei vidaregåande skolane.
- Mange elevar som opplever mobbing i grunnskulen tar med seg desse negative erfaringane inn i den vidaregåande skolen. Den vidaregåande skolen må ha eit godt system for å legge til rette og sikre at overgangen og skulekvardagen blir så trygg og god som mogleg. Skolen kan ikkje starte med blanke ark, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.
Ikkje tida for kutt i budsjetta
Omboda har ei klar melding til kommunale- og fylkespolitikarar:
- Det er i 2022 ikkje tida for å kutte i budsjetta som rammar barn og unge. Her må politikarane heller bruke meir ressursar for å rette opp det som pandemien har ført med seg, seier mobbeombodet.
- Ja, og no må det vere nok folk ute i kommunane til å følge opp dei unge, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden.
Begge omboda meiner det er viktig at kommunane tar undersøkinga på alvor, prøver å sjå bak tala og involverer elevane og foreldra i arbeidet.
- Det er viktig at kvar enkelt skole ikkje blir overlatne til seg sjølv, men at skoleeigar tar ansvar, seier dei.
Mobbing på skolane i Møre og Romsdal, prosent
|
|
|
| Alle fylker |
| 2021-22 | 2020-21 | 2019-20 | 2021-2022 |
Vidaregåande skolar | 2,3 | 2,9 | 3,2 | 3,0 |
10. klasse | 5,3 | 4,2 | 5,7 | 5,7 |
7. klasse | 7,8 | 6,7 | 5,9 | 7,9 |
Tabellen viser andelen elevar som har svart bekreftande på eitt eller fleire av dei tre spørsmåla: Om dei er mobba av medelevar, om dei er digitalt mobba og/eller om dei er mobba av vaksne på skolen. Elevar som har svart at dei er mobba 2-3 gongar i månaden eller oftare, inngår i mobbetala for det enkelte spørsmålet.