Mindre personbiltransport, men meir næringstransport på fylkesvegferjene i februar

Fylkesvegferjene frakta 276 729 køyretøy i februar i år. Det er 9 prosent færre køyretøy enn i februar i fjor. Så langt i år har ferjene frakta 533 414 køyretøy i fylkesvegsambanda, ein nedgang på 11,9 prosent frå same periode i fjor.

Skriv ut

Personbiltransport

Ferjestatistikken viser at FRAM sine ferjer frakta 245 762 køyretøy under 6 meter (i hovudsak personbilar) i februar. Samanlikna med februar 2020 er nedgangen på 10,5 prosent. Nedgangen i personbiltrafikken er mindre i februar enn han var i januar. Sterkare koronarestriksjonar i januar og generelt mindre reising og meir bruk av heimekontor er truleg årsaka til dette.

Næringstransport

For køyretøy over 6 meter, som i hovudsak blir brukt i næringstransport viser statistikken at for fylket som heilheit aukar andelen lange køyretøy i februar 2021 med 4,9 prosent samanlikna med same periode i fjor. I februar 2021 reiste 30 967 lange køyretøy på fylkesvegferjene, mot 29 515 i februar 2020.

- Her ser vi eit skilje i fylket. På Sunnmøre har vi auke i talet på lange køyretøy i alle fylkesvegsambanda med unntak av Volda-Lauvstad og Festøya-Hundeidvika. På Nordmøre og i Romsdal har vi nedgang i talet på lange køyretøy i alle fylkesvegsambanda med unntak av Arasvika-Hennset og Aukra-Hollingsholmen, fortel avdelingssjef for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Stig Helle-Tautra.

Statistikken for fylket som heilheit viser at næringstrafikken aukar meir i februar enn han gjorde i januar. Erfaringa er at utviklinga i talet på lange køyretøy på ferjene og utviklinga i næringslivet heng tett saman.

- Tala våre tyder på at næringslivet på Sunnmøre no er i positiv utvikling. Det er også Aukra-Hollingsholm i Romsdal, seier Stig Helle-Tautra.

Få attståande bilar

Statistikken viser totalt 123 attståande bilar i februar. Dette er svært lågt tal attståande bilar. Mange av dei er knytt til ulike utbyggingsprosjekt og 38 prosent av dei attståande bilane var i dei to rutene som trafikkerer Nordøyane. Sambandet Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya blir lagt ned når første del av Nordøyvegen opnar til jul i år. Anløpa til Fjørtofta og Harøya blir lagt ned når resten av Nordøyvegen opnar sommaren 2022.

Statistikk for fylkesvegferjene i Møre og Romsdal – heile fylket og pr. samband

 

Kontakt