Møre og Romsdal 2025 har styrka samarbeidet i fylket

Ei ny undersøking frå Møreforsking viser at Møre og Romsdal 2025 (MR2025) har hatt god effekt på samarbeidet mellom dei ulike etatane sidan starten i 2018. Tilbakemeldingane fortel at programmet blir oppfatta som eit godt grep for Møre og Romsdal i lys av regionreforma.

Skriv ut

–Undersøkinga viser at vi så langt har lykkast med programmet. Som fylkesordførar er det ekstra gledeleg at alle involverte ser verdien av samarbeid og samordning på tvers i fylket. Det kjem også fram eit tydeleg ønske om at fylkeskommunen tek ei leiande rolle som strategisk samfunnsutviklar i Møre og Romsdal, seier  Tove-Lise Torve som er leiar for programstyret.

Dei som er spurde i undersøkinga meiner at programmet treff tematisk, og dei ønsker å vidareføre dei ulike samarbeida og innsatsområda som det er starta på. Desse blir opplevd som gyldige, relevante og viktige, og må arbeidast med over tid.

Møteplassar og nettverk gir betre innsikt

Nyttårskonferansen er ein viktig møtestad for informasjonsdeling og erfaringsutveksling. Nettverka og møteplassane i MR2025 har fungert som arenaer for relasjonsbygging mellom leiarane, og har gitt dei betre innsikt i ansvarsområda til kvarandre.

70 prosent meiner 2025 styrkar samarbeidet

70 prosent av leiarane i kommunane er fornøgd med MR2025 som program for å styrke samarbeid og samordning. Også statsetatane med ansvar for Møre og Romsdal beskriv positiv endring i samarbeidet i offentleg sektor som resultat av satsingane i MR2025.

Styrka strategisk samfunnsutvikling

Fleire kommunar peikar på satsinga Berekraftfylket og Digi Møre og Romsdal som eksempel på ein ønska modell for å arbeide med dei store utfordringane innan sosial berekraft framover. I denne modellen bidreg regionalt nivå med ressursar, kapasitet og kompetanse i eit samla løft, saman med kommunane, for å løyse spesielt store og felles utfordringar framover. Undersøkinga viser også at kommunane ønsker at fylkeskommunen tar rolla som strategisk samfunnsutviklar. Det vil seie fylkeskommunen tek ansvar for kunnskapsgrunnlag, analytisk kapasitet og prosjektstøtte for kommunane.

Eit tett samarbeid mellom fylkeskommunen og Statsforvaltaren i prosjektet har gitt felles prioriteringar og ei styrka samordning av verkemiddel og innsats.

Utfordringar framover

Ei utfordring som blir trekt fram, er at vi må ha tolmod til å arbeide med desse områda over tid, da det er snakk om komplekse utfordringar og mange involverte. Dei store samanhengane som kommunane må løyse, er sosial og økonomisk berekraft. Undersøkinga viser at kommunane står i ein skvis når det gjeld økonomi og kapasitet i tida framover.

Om undersøkinga

Møreforsking har gjennomført ei oppfølging av nullpunktsundersøkinga dei gjorde, i oppstarten av Møre og Romsdal 2025, der leiarar for alle tre forvaltingsnivåa vart spurde om korleis dei opplevde samarbeidet i offentleg sektor, i kva form og på kva tema dei ønska meir samarbeid. Dette vart brukt som grunnlag for val av satsingsområde for MR 2025 i oppstarten.

I undersøkinga som er gjort no, er dei same respondentane spurt om samarbeidet i offentleg sektor har endra seg dei siste par åra og om effekten av programmet og tiltaka i programmet. Dei er også spurt om programmet sine satsingar treff tematisk, om dei har innspel til programmet, og kva dei ser som dei største utfordringane framover. Leiarar av statlege aktørar vart intervjua, og eit spørjeskjema vart sendt til ordførarar og kommunedirektørar.

Dette er Møre og Romsdal 2025:

Møre og Romsdal 2025 er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen. Fylkeskommunen er programeigar og samarbeider med kommunane i fylket, Statsforvaltaren og andre statlege aktørar.

Les meir om prosjektet på mrfylke.no/2025

Kontakt