Møre og Romsdal best i landet på læreplassar

Møre og Romsdal ligg no på topp i tal på søkarar som fekk læreplass i 2019. Av søkarane var det 85,7 % som fekk lærekontrakt. På landsbasis var delen 78 %.

Skriv ut

Det er statistikk frå Utdanningsdirektoratet som viser dette.

- Det ser ut til at søkelyset på yrkesfag og behovet for fagarbeidarar i framtidas arbeidsliv, bidrar til at fleire går ut i lære. Fleire bedrifter ser moglegheitene som finst i å tilsette lærlingar og til å skape si framtidige arbeidskraft.

- Samtidig er det behov for enda fleire læreplassar, og i nokre fagområde er det mange ungdommar som ikkje får seg læreplass i vårt fylke. Det er blant anna innanfor helse- og oppvekstfaga og elektrofaga. Vi er avhengige av at bedriftene ser potensialet som finst i å vere lærebedrift og tek på seg samfunnsansvaret i å utdanne nye fagarbeidarar, seier Bjørnar Loe, leiar av seksjon opplæring i bedrift, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tala frå statistikken inkluderer søkarar som har søkt læreplass som førsteønske i søkarportalen VIGO. Dei som ikkje har søkt, men skaffa seg læreplass på eige hand, og dei som har søkt skoleplass men likevel fått læreplass, er også lagt til som søkarar i statistikken.

Du kan lese meir om statistikken på www.udir.no

Kontakt