Møre og Romsdal fylkeskommune donerer brannbil til Ukraina

Om kort tid køyrer ei kolonne med 18 køyretøy frå Norge til Ukraina. Dette er brannbilar og ambulansar som er donerte av private og offentlege norske aktørar, og er til enorm nytte i det krigsramma landet. Den eine av desse bilane er ein tankbil donert av Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Skriv ut

Tankbilen har vore disponert av Molde brannvesen for ivareta tilførselen av sløkkevatn til Fanefjordtunnelen, fram til ny brannbil var på plass. Bilen har den siste tida vore nytta til å transportere vatn til arbeid i tunnelar, men er ikkje lenger til nytte for fylkesvegavdelinga. Etter initiativ frå tilsette i fylkesvegavdelinga vart det bestemt av leiinga i fylkeskommunen at bilen vil vere eit godt bidrag frå fylket til brann- og redningstenestene i Ukraina.  

- Det er veldig gledeleg at vi som fylkeskommune greier å bidra med essensielt ustyr, som bidreg til eit viktig bergingsarbeid i Ukraina. Sjølv om brannbilen ikkje lenger har noko stor verdi for oss, vil den vere eit viktig bidrag til brannvesenet i Ukraina, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Line Hatmosø Hoem.  

-Stor velvilje 

Behovet er for køyretøy og utstyr til bergingsarbeid er umetteleg. Bidraga frå Norge blir satt enorm pris på.  

- Det er rørande å sjå kor stor pris dei sett på bidraga våre. Møta våre med kontaktane våre i Ukraina er veldig emosjonelle, og vi kjenner på kor godt det er å kunne hjelpe. Vi veit at bidraga våre har vore med å berge liv, seier Werner Solberg, som er tilsett i Nordmøre og Romsdal brann og redning, og er lokal kontakt i den frivillige organisasjonen Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte (NUBAS), som organiserer kolonnane til Ukraina. 

Og legg til: 

- Vi møter stor velvilje frå dei ulike aktørane vi er i kontakt med om utstyr i Norge. Nokon framskyndar utrangering av bilar og utstyr for å kunne bidra. Vi er veldig glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune er villige til å donere denne tankbilen. Sjølv om den er aldrande, lite moderne og har liten verdi i Norge, så har det stor verdi i Ukraina. Ukrainarane er heilt vilt gode på reparasjonar òg, seier Solberg. 

NUBAS har etablert samarbeid med lokale myndigheiter i Ukraina. Til no har det køyrt 11 kolonnar med til saman 97 køyretøy frå Norge og over grensa til Ukraina. Med i kolonnen er også store mengder anna type utstyr. På plass i Ukraina gir dei opplæring i bruk av utstyr og køyretøy før dei returnar.  

Erik frå fylkeskommunen køyrer bilen til Ukraina 

Kvar bil i kolonnen til Ukraina må ha to sjåførar som skal bytte på å køyre. Erik Molton som er kontrollingeniør i fylkesvegavdelinga, meldte seg frivillig til å køyre tankbilen til Ukraina.  

- Eg kjenner at eg er litt spent. Samstundes så kjennes det veldig godt å kunne bidra på ein så konkret måte. Eg har bidrege tidlegare med litt Vipps-donasjonar og likande, men dette er noko anna. Det er ein lang køyretur, så vi må vere to i kvar bil. Dette er eit veldig synleg bidrag og utstyret går rett inn i brann- og redningsarbeidet i eit land som står i ein ekstrem situasjon, seier Molton, som saman med Svein Jørgen Dahle, i Nordmøre og Romsdal brann og redning, skal køyre bilen over grensa til Ukraina. 

 

Om NUBAS 

  • Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte, NUBAS, er ein humanitær nonprofit-organisasjon. 
  • Formålet til organisasjonen er å effektivt overlevere norske donasjonar av brann- og ambulansemateriell, mellom anna køyretøy til krigsramma Ukraina. 
  • Alle donerte midlar går uavkorta til utgifter knytt til transport av køyretøy og materiell til Ukraina. 
  • NUBAS har direkte kontakt med leiinga i brannvesenet i Ukraina som fortløpande melder behovet. 
  • Brannbilane og materiellet NUBAS, i samarbeid med andre humanitære organisasjonar, allereie har overlevert til Ukraina er tatt i bruk øst i Ukraina. 
  • Medlemmane i styret er tilknytt ulike beredskapsetatar og transportselskap rundt om i Norge. Alle i styret og andre medlemmer arbeider altså frivillig og utan lønn. 

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.