Møre og Romsdal fylkeskommune går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni

Med bakgrunn i oppdaterte retningslinjer frå nasjonale myndigheiter med ei vidare normalisering og oppmjuking av smitteverntiltak, vil fylkeskommunen oppheve avstandskrava i kollektivtrafikken.  

Skriv ut

Dette betyr at fylkeskommunen frå måndag 8.juni vil tilby skoleskyss som normalt. Manglande skoleskysstilbod vil då ikkje bli ein avgrensande faktor for skolane si planlegging av undervisning.  

- Med den store gjenopninga nasjonale myndigheitene no legg opp til, ønsker vi å legge til rette for at elevar skal få tilbod om ordinær skoleskyss og kunne kome attende til ein normal skolekvardag. Møre og Romsdal fylkeskommune vil oppretthalde forsterka reinhald på alle transportmiddel, og vi ber alle reisande til å vise omsyn. Vidare oppmodar vi framleis alle skolebarn og -ungdom som kan, til å halde fram med å gå eller sykle til skolen, seier seksjonsleiar i Fram Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

- Om smittesituasjonen endrar seg eller det kjem nye nasjonale krav, vil vi måtte justere tiltaka i kollektivtrafikken, avsluttar Wiig.   

Full kapasitet i kollektivtrafikken vil gjelde frå og med måndag 8. juni.

Kontakt